19 tips for å lykkast med innovasjon i offentleg sektor

Korleis skape den beste innovasjonen? Aktørar i offentleg sektor samarbeider med forskarar for å få til nettopp det. Her får du dei beste tipsa frå tre prosjekt som ser inn i framtida.

Wenche P. Dehli, Kristiansand kommune og Carl Erik Moe, Universitetet i Agder
Kommunane i Agder vil gi kronisk sjuke pasientar betre livskvalitet og samtidig bli meir effektive. Løysinga er telemedisinkonseptet TELMA.

Wenche P. Dehli og Carl Erik Moe er opptatt av felles mål og gevinstfokus..
  • Ein bør ha klart for seg kva type(r) innovasjon ein tar sikte på. Det er ofte fleire, og det er lett å undervurdere kompleksiteten: Er det å utvikle tenestemodell, eit produkt, leveranselogistikk eller forretningsmodell?
  • Spør: Kva skal innovasjonen nyttast til? Erstatte eller supplere eksisterande tilbod? Kva for eit strategisk mål blir knytt innovasjonen til? Kven har ansvar for å vurdere og føre vidare eit vellykka resultat til eit prosjekt i drift?
  • Vurder fordelar og ulemper ved at ein eller fleire saman leier innovasjonsarbeidet. Kva gir gjennomføringskraft, kva kompetanse er nyttig?
  • Bruk tid på å finne felles målsetjing med prosjektet. Det gir betre samhandling og ein meir lærerik prosess
  • Ha søkelys på gevinstrealisering heilt frå starten av. Legg prosjekt opp slik at det blir tatt avgjerder om implementeringsprosess viss måla i prosjektet er nådde.
  • Involver viktige interessentar frå planlegging til og med avslutning.

Les meir: – Vi bygger fremtidens helsetjeneste

Hege Fossum, Bærum kommune og Marit Engen, Handelshøgskolen Innlandet
Med såkalla tenestedesign som verktøy skal Bærum kommune skape eit godt liv for personar med demens i ein eigen landsby.

Hege Fossum og Marit Engen tenkjer heilt nytt under utviklinga av demenslandsbyen Carpe Diem.
  • Innovasjon er ikkje ein lineær prosess, vêr både modig og tolmodig.
  • Spel på entusiasme, få med deg dei rette folka som vil noko.
  • Avklar roller tidleg, få dei rette folka med rett kompetanse på ulike felt.
  • Ha ein open dialog mellom partane gjennom heile prosjektet.
  • Du må tore for å få til noko nytt og du må tole å stå i litt kaos undervegs.
  • Tenestedesign er verktøyet, ikkje målet.
  •  

Les meir: Bygger egen landsby: Hva er livskvalitet for personer med demens?

Marit Natvig, SINTEF og Hilde Austlid, Statens vegvesen
Statens vegvesen og SINTEF vil gjere Noreg og verda betre med såkalla "open data"og har kartlagt kva som må til for at verdifulle data lettare kan delast og skape innovasjon.

Hilde Austlid og Marit Natvig vil med prosjektet Open Transport Data vise kva verdi data kan ha for fleire enn dei dei tilhøyrer.
  • Bruk tid på god forankring hos deltakarane og sikre at prosjektet er strategisk viktig for dei.
  • Bruk tid på å jobbe saman med deltakarane og andre relevante aktørar for å skaffe innsikt – ting er ofte annleis enn det ein trur. Få innspel på behov og ønske og ta omsyn til desse.
  • Få med deltakarar som utfyller kvarandre i kompetanse og i kva dei er opptekne av.
  • Openbert, kanskje, men vanskeleg: Sett av nok tid til å følgje opp på ein ordentleg måte.
  • Kultur er viktig for innovasjon. Finn dei rette personane som brenn for saka. Få entusiastane på banen!

Les meir: - Åpne data er fremtidens gull

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. februar 2023, 05.34 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 8. februar betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 torsdag 2. februar til tysdag 7. februar kl. 08.00–15.45 og onsdag 8. februar kl. 08.00–13.00.