Klage på avslag for SkatteFUNN-søknader
Dersom du mener at vedtaket er feil, har du to valg: Du kan enten sende inn en ny søknad eller du kan klage på vedtaket.
Tips: Søk på nytt
Det tar omtrent like lang tid å skrive en klage som å skrive en søknad. Bruk tid på å sette deg inn i hvorfor prosjektet ikke oppfyller kravene til et FoU-prosjekt ved å lese vedtaksbrevet og ta kontakt med oss hvis noe er uklart for å være sikker på å ikke bruke unødvendig tid.
Husk garantifristen! Hvis du velger å sende en ny søknad må den sendes inn før 1. september for å sikre at vi får behandlet den. Om den sendes etter 1. september vil vi mest sannsynlig ikke rekke å gi en vurdering av inneværende prosjektår.
Fristen for å sende inn klage er innan tre veker frå du får avslagsbrevet, med mindre det er spesifisert ein annan frist.
Du kan klage på avslag, avgrensingar i godkjenninga og kategorisering av prosjektet som eit utviklingsprosjekt.
Dersom de ønsker å klage på avgrensingar i godkjenninga, så er det viktig at de ikkje aksepterer vilkåra for vedtaket. Opprett og send inn klage først, og vent på resultatet av klagebehandlinga.
Slik kan du sende inn ein klage
Så lenge klagefristen er open, kan du klage på vedtaket. Det er berre personen som er lagt inn som organisasjonsrepresentant i søknaden som kan opprette klage på vegner av søkjarbedrifta. Organisasjonsrepresentant må også ha stadfesta rollen sin som organisasjonsrepresentant inne på Mi side. Alle roller i søknaden kan lese, redigere og sende inn klagen, etter at organisasjonsrepresentanten har oppretta den.
For å finne klageinngangen, gå inn på søknaden på Mi side og vidare til sida som heiter Vedtak. Helt nedst i vedtaket finn de klagefristen og ei lenkje til ei side om klageadgang. På denne sida kan organisasjonsrepresentanten opprette klage.
Dette skjer etter at du har sendt inn klagen
Klaga vil først bli behandla av Forskingsrådet, som kan endre vedtaket sitt om ny informasjon i klaga gjer at kriteria for godkjenning er oppfylte. Viss Forskingsrådet held oppe vedtaket sitt, blir klaga behandla av eit eksternt klageutval for SkatteFUNN som gjer endeleg vedtak. Behandlingstida for klagesaker i dette klageutvalet er vanlegvis tre til seks månader.
Vi behandlar klagene fortløpande etter kvart som dei kjem inn. Klager som kjem inn på seint på året kan ha lengre behandlingstid enn seks månader. Vi oppmodar alle søkjarane våre til å sende inn søknaden i god tid før garantifristen 1. september. Då vil ei eventuell klage også hamne lenger fram i køen og svarast på raskare.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 11. oktober 2025, kl. 15.34 CEST