Spør KI-samtaleroboten vår

Ny leiar for nasjonalkomiteen for FNs havforskingstiår

Vi er halvvegs i FNs havforskingstiår og no tek Geir Huse frå Havforskingsinstituttet over som ny leiar for nasjonalkomiteen for havforskingstiåret. Med seg har han 12 andre, ei ny evaluering og nye tilrådingar om vegen vidare for tiåret.

Geir Huse frå Havforskingsinstituttet er ny leiar for nasjonalkomiteen for havforskingstiåret. - Havforskingstiåret er eit unikt høve til å setje felles mål for havet og å jobbe for å nå desse slik at livet på planeten vår kan bli betre, seier han.

Vi har tatt ein prat med Huse, som til dagleg leiar Havforskingsinstituttets arbeid med marine økosystem og ressursar, for å høyre korleis han vil leie arbeidet i nasjonalkomiteen vidare.  

Over 40 land har no slike komitear og komiteane er bindeleddet mellom nasjonale havmiljø og havforskingstiåret globale. Den norske komiteen skal vere med å sikre at norsk innsats når målet til tiåret.   

Kvifor er havforskingstiåret så viktig?  
Havet er utruleg viktig for planeten vår for regulering av klima, som matfat, transportåre og for rekreasjon. Havet inneheld ein myriade av organismar. Sjølv om havet er mindre pressa enn landareala er, er det mange utfordringar her som vi treng å jobbe saman for å løyse.  

Havforskingstiåret er eit unikt høve til å setje felles mål for havet og å jobbe for å nå desse slik at livet på planeten vår kan bli betre.  

Korleis vil du og dei andre medlemmane i nasjonalkomiteen jobbe for at Noreg når måla i havforskingstiåret?  
Vi vil ta utgangspunkt i dei nasjonale måla for havforskingstiåret og rapporten Midtveis, men halvveis? som kom ut i september 2025. Dette vil vere utgangspunktet for handlingsplanen vår som vi no skal lage.  

I rapporten «Midtveis – men halvveis?» blir det foreslått ni prioriteringar Noreg bør jobbe med for å nå målet for tiåret. Er det nokon av desse prioriteringane du og komiteen vil jobbe ekstra med? 
Det er mange gode og viktige satsingar der som vi vil ta vidare. Eg synest vi i nasjonalkomiteen først og fremst bør bidra til punkta som handlar om betre havforståing og deling av data om havet. Her har nasjonalkomiteen teke viktige initiativ som må følgjast opp vidare.   

Kva har skjedd i Noreg som har mykje å seie for havforskingstiåret?  
Norsk forum for havdata har vorte etablert av nasjonalkomiteen og det synest eg er eit godt initiativ og som kan bidra til å nå fleire av måla i havforskingstiåret. Eg synest også at etableringa av One Ocean Expedition med Statsraad Lehmkuhl og One Ocean Week i Bergen er gode døme på tiltak som har bidrege til å setje søkelys på havet og utfordringane som blir løfta fram i tiåret på ein veldig engasjerande og positiv måte som når ut til mange.  

Kva meiner du er det viktigaste vi må lykkast med innan 2030? 
Internasjonalt blir det viktig å bli einige om forvaltning av internasjonalt farvatn. Her blir ratifisering av BBNJ-avtalen om biodiversitet viktig for å redusere overfiske. Eit anna viktig tema er å stoppe dei store tilførslene av plast og anna forureining til havet. Til det trengst det internasjonalt samarbeid og bistand.  

Her heime treng vi å få til betre havforståing i befolkninga og byggje vidare på det gode samarbeidet vi har gjennom store prosjekt som Arven etter Nansen og Polhavet 2050. Meir effektiv datadeling blir viktig. Vi bør utvikle digitale tvillingar for havet, som “snakkar” saman, og vert ein del av den europeiske forskingsfellesskapen. Å ta i bruk slike system kan byggje forståing for korleis havøkosystema fungerer som eit samspel mellom fysikk, kjemi og biologi. Dei kan og brukas til ei styrkt forståing av påverknaden av klimaendringane og korleis vi bør forvalte og bevare havet.   

Synast du norske havmiljø bør engasjere seg meir i havforskingstiåret? 
Det korte svaret er ja. Men det er allereie mange som har etablert prosjekt og aktivitetar og det er mange gode initiativ på gang. Eg meiner at det er potensiale for å jobbe meir saman og totalt sett få meir ut av ressursane.  

Det ligg også nokre moglegheiter i å styrkje innsatsen for å få fart på utvikling og implementering av ubemanna plattformer som glidarar, overflatefarkoster og undervassfarkostar. Her har Noreg sterke fagmiljø innanfor leverandørindustri, maritim næring, sjømatnæring og forsking. Det ligg spennande moglegheiter i betre koordinering av innsatsen nasjonalt for å styrkje miljøvennleg datafangst, dataprosessering ved kunstig intelligens og utvikling av digitale tvillingar.  

Med den nye geopolitiske situasjonen, kjem også moglegheiter for styrkt nasjonalt samarbeid mellom sivilsamfunnet og militæret som igjen kan styrkje havforskinga. Desse samarbeida kan gi nye tenester til forsking, næring og folk som bruker kysten og havområda våre og dette vil nasjonalkomiteen for havforskingstiåret setja søkjelys på.  

Nasjonalkomiteen har starta arbeidet med å stake ut kursen for dei neste fem åra og møtast i januar 2026 for å forme ut handlingsplanen for dette.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. januar 2026, kl. 16.27 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }