Havforståing
Havforståing handlar om å forstå innverknaden havet har på deg og innverknaden din på havet. Det er eit rammeverk som i dag blir brukt til å auke havforståinga i alle delar av befolkninga. Kollektiv havforståing er ein av føresetnadene for å nå fleire av måla i havforskingstiåret.
Rammeverket vart utvikla av pedagogar og lærarar i USA på byrjinga av 2000-talet. Målet var å auke kunnskapen om hav i skulen. No gjeld det altså for heile befolkninga.
Ein person med god havforståing skal
- ha grunnleggjande kunnskap om havet
- kunne fortelje om havet på ein meiningsfull måte
- kunne ta informerte og ansvarlege avgjerder
Sju prinsipp for god havforståing
Det er utforma sju prinsipp du må kjenne til for å ha god havforståing. Dei sju prinsippa er:
- Jorda består av eitt stort hav med mange oppgåver.
- Havet og livet i havet formar eigeskapane til jorda.
- Havet påverkar vêr og klima.
- Havet gjer jorda mogleg å bu på.
- Havet bidreg til stor variasjon i artar og økosystem.
- Hav og menneske er tett samanvovne.
- Havet er i stor grad uutforska.
Rammeverket inkluderer teori om korleis vi skal jobbe for å auke havforståinga, mellom anna at vi skal ta omsyn til folks alder, bakgrunn og kunnskapsnivå. Forsking er sentralt i rammeverket, så forståing for at forsking ikkje byr på enkle forklaringar og løysingar, står også sentralt.
Arbeidet med havforståing i Noreg
Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret har ei eiga arbeidsgruppe som jobbar med havforståing.
Arbeid med havforståing er omtalt i:
Les meir om havforståing:
- Havforskingstiåret og UNESCOs: UNESCO Ocean Literacy
- Programmet til havforskingstiåret Ocean Literacy with all: Ocean Literacy with All (OLWA), Ocean Decade
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. januar 2026, kl. 02.10 CET