Formidlingsprisen
Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast.
Fristen for å foreslå kandidatar til prisen for 2026 er no utløpt.
Vedtekter for formidlingsprisen
- Formålet med Forskingsrådets formidlingspris er å lønne og stimulere til formidling av forsking frå eige fagfelt overfor eit breitt publikum.
- Formidlinga må vere av høg kvalitet både i form og innhald. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande.
- Prisen kan også tildelast for arbeid knytt til etiske problemstillingar innanfor forsking.
- Vi føreset at summen blir nytta til eigenkvalifisering i formidling eller til formidlingstiltak.
- Prisen blir normalt gitt til éin mottakar, men ein kan også gi han til fleire som har samarbeidd om eit felles formidlingstiltak.
- Prisen kan også bli gitt til enkeltpersonar eller organisasjonar som på ein framifrå måte fremjer og formidlar forsking til breie lag av befolkninga.
- Prisen blir lyst ut offentleg. Forslag på kandidatar til prisen skal innehalde ei fyldig grunngiving. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur til prisen.
- Kandidatane blir vurderte av ein intern komité som nominerer dei fem til sju beste kandidatane. Desse blir deretter vurderte av ein jury oppnemnt av Forskingsrådets styre.
- Prisen er på 500 000 kroner og blir delt ut på et arrangement i regi av Forskingsrådet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. september 2026, kl. 18.48 CEST
Viktig informasjon
Min side (nytt søknadsystem) er nå åpnet igjen. Det kan være noe ustabilitet etter oppdateringen. Ta kontakt med svartjenesten vår dersom du får problemer.