Spør KI-samtaleroboten vår

Podkast: Golfstraumen blir svekt, men ikkje slik avisene seier

Kva er eigentleg Golfstraumen? Og står han verkeleg i fare for å stoppe opp?

hav møter horisont
– Eg plar seie at eg jobbar med Golfstraumen, fordi det er det folk kjenner att. Men eigentleg består han av fleire straumar med ulike namn, seier forskar Marius Årthun. (Foto: Shutterstock)

Golfstraumen har nesten mytisk status i Noreg.

Han er grunnen til at vi har mildare vintrar enn andre stader på same breiddegrad og kvifor havområda våre er blant dei mest produktive i verda.

I podkasten Nysgjerrige Norge møter Kristopher Schau oseanograf og klimaforskar Marius Årthun, som ryddar opp i både misforståingar og dommedagsprofetiar.

– Eg plar seie at eg jobbar med Golfstraumen, fordi det er dét folk kjenner att. Men eigentleg består han av fleire straumar med ulike namn, seier Årthun.

Golfstraumen startar i Mexicogulfen

Han forklarer at Golfstraumen eigentleg er fleire havstraumar med ulike namn, som skiftar namn på veg nordover.

Golfstraumen startar i Mexicogolfen og går opp langs den amerikanske austkysten. Når han knekk mot nordaust, endrar han namn til Nord-Atlanterstraumen.

Så held han fram som Norskehavstraumen og vidare mot Svalbard som Vestspitsbergenstraumen.

For folk flest verkar alt dette som éin straum, nemleg Golfstraumen.

Ein motor som flyttar varme over heile kloden

Den varme strålen frå sør gjer Noreg langt mildare enn breiddegrada skulle tilseie.

– Om du dreg fingeren langs 60 grader nord på globusen, treff du Canada og Grønland. Dei har ganske annleis klima enn oss, seier Årthun. Klima som altså kunne vore våre, hadde det ikkje vore for Golfstraumen.

Men Golfstraumen er berre overflatelaget av eit større system: Atlantic Meridional Overturning Circulation (AMOC).

Eller den atlantiske, meridionale omveltingssirkulasjonen, om du vil.

Varmt saltvatn strøymer nordover i overflata, blir avkjølt, søkk og returnerer sørover i djupet. Dette «transportbandet» er sentralt for heile varmereguleringa til kloden.

Programleiaren blir oppriktig forvirra

Nysgjerrige Noreg-programleiar Schau er fleire gonger oppriktig forvirra.

– Eg prøvde å lese nokre av artiklane dine. Det var vanskeleg. Her treng eg ein tolk, seier han.

Schau stoppar Årthun fleire gonger for å få forklart heilt grunnleggjande ting, og tvingar han til å leggje bort fagspråket.

– Dette må du ta, for dette går føre seg på noko som er tilsvarande swahili for meg, seier Schau, når klimaforskaren forklarer kvifor havstraumar finst, kva som skjer i «mellomlaga» i havet, og korleis ein straum i det heile tatt kan ha eit minne.

– Ikkje eingong havet kan få lov til å vere lett. Det er frustrerande! utbryt Schau.

Kva skjer eigentleg med Golfstraumen? Marius Årthun fortel Kristopher Schau om oppførselen og betydninga av havstraumane. (Foto: Noregs forskingsråd)

Straumen blir svekt, og det kan vere alvorleg nok

Med jamne mellomrom dukkar det opp overskrifter om at Golfstraumen «kan stoppe», gjerne med referansar til katastrofefilmar.

Årthun er tydeleg:

– Eg har sett overskrifter om at Golfstraumen skulle stoppe i 2025. Det er useriøst.

Forskarar er derimot samde om noko anna og langt viktigare:

Golfstraumen og AMOC vil sannsynlegvis svekkjast med 30– 50 prosent innan år 2100.

Issmelting forstyrrar sirkulasjonen

– Tretti prosent er jo ganske mykje. Det er ei dramatisk svekking i seg sjølv. Vi må ikkje ha ein kollaps for at dette skal bli alvorleg, seier han.

Den viktigaste årsaka er global oppvarming: Vatnet som strøymer nordover, blir ikkje like avkjølt som før, og dermed søkk det mindre.

I tillegg tilfører issmelting ferskvatn til havoverflata. Ferskvatn er lettare enn saltvatn og hindrar nedsynkinga som driv heile sirkulasjonen.

Svekking betyr ikkje nødvendigvis at Noreg blir kaldare og går mot arktiske vintrar.

– Sjølv om straumen blir svakare, kjem vatnet som blir frakta nordover til å vere varmare, seier Årthun.

Havområda våre blir varmare

Klimamodellane han viser til peikar på det same: Norske havområde blir varmare i tiåra framover.

Det betyr ikkje at konsekvensane er små. Endringar i havtemperatur påverkar følgjande:

  • vandringsmønster hos fisk, som at Lofottorsken allereie flyttar mot russisk sone
  • økosystema i Norskehavet
  • havnivå og kystmiljø
  • tilførsel av næringsrikt vatn som er avgjerande for produktiviteten i nordlege havområde
litt alvorlig mann snakker
– Vi må ikkje ha ein kollaps for at konsekvensane skal bli alvorlege, seier klimaforskar Marius Årthun (Foto: Forskingsrådet).

– Ikkje bra kommunikasjon frå vår side

Årthun påpeikar at klimaforsking ofte blir tolka feil, særleg når forskarar snakkar om uvisse.

For folk flest kan det høyrast ut som fagleg usemje, men i realiteten handlar det om kor komplekse prosessane er.

Oseanografen peikar på korleis aviser nokre dagar kan melde om at Noreg blir varmare, medan andre overskrifter spår iskalde vintrar på grunn av svekt Golfstraum.

– Det er jo ikkje lett for folk flest å forhalde seg til at forskarar er ute og meiner to ulike ting på to ulike dagar. Sjølv om vi som forskarar klarer å sortere dei to tinga frå kvarandre, så er det jo ikkje bra kommunikasjon frå vår side, seier han.

Dette viser kvifor forskinga er avhengig av både lange måleseriar, gode modellar og tydeleg formidling.

Klimaforsking er ein treig prosess

For programleiar Schau blir episoden ein slags minileksjon i korleis klimaforsking faktisk går føre seg: Langsamt, trøyttande og med enorme databehov.

Årthun forklarer at atmosfæren er «gullfisken» i klimasystemet. Han gløymer fort. Medan havet er «den trege elefanten» som held betre på minnet.

– Havet er elefanten i klimasystemet, altså tregt, men med godt minne, seier Årthun.

Å måle havstraumar handlar ikkje om raske oppdateringar på ein skjerm. Handlinga krev:

  • målebøyer som driv rundt i årevis
  • skipstokt i Arktis og Antarktis
  • kostbart instrumentutstyr
  • dataseriar som blir målte over tiår
  • superdatamaskiner som køyrer klimamodellar heile tida

Har målt Golfstraumen i 30 år, men det er ikkje nok

Sjølv styrken på den norske delen av Golfstraumen er berre målt systematisk éin stad, ved Svinøy, ute i Norskehavet vest for Stadt.

Der har Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet målt temperatur, salthaldigheit og straum i over 30 år. Det er framleis den viktigaste studien vi har og er i praksis starten på ein langtidsstudie.

– Det er for kort tid til å seie at ei svekking er i gang. Men dei neste ti åra blir avgjerande for kva vi faktisk kan slå fast. Dei åra blir interessante, seier Årthun.

Isfritt Barentshav i levetida vår

Endringane i Barentshavet er blant dei tydelegaste i heile Arktis.

– Iskanten i Barentshavet berre kryp nordover. Klimamodellar og observasjonar peikar i same retning: Barentshavet kan bli isfritt  dei neste ti åra, seier Årthun.

Dette er eit av dei mest synlege teikna på klimaendringar i Arktis. Når isen forsvinn, endrar det både økosystem, fiskeri, skipstrafikk og det geopolitiske biletet i nord.

Kollaps? Lite sannsynleg

Når forskarar testar ein «kollaps» av AMOC i klimamodellar, er det ofte ved å tilføre enorme mengder ferskvatn, langt meir enn Grønland faktisk har tilgjengeleg.

– Dei tilfører meir ferskvatn enn det som finst på Grønland mange gonger, så du provoserer fram ein kollaps, forklarer Årthun.

Slike forsøk handlar om å forstå systemet, ikkje om realistiske framtidsscenarium.

Forskarane er samde om at havsirkulasjonen vil svekkast kraftig i dette hundreåret. Ein brå kollaps blir derimot rekna som svært lite sannsynleg.

– Så lenge du ikkje kan seie at det er null sjans, så må det jo likevel takast alvorleg, seier klimaforskaren.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. oktober 2026, kl. 17.18 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.