Podkast: – Det er ikkje så lett som du trur, å vite at jorda er rund
Kva vil det eigentleg seie å vite noko? Veit vi eigentleg noko som helst? Filosof Einar Duenger Bøhn vil rydde opp i omgrepa og avsløre kor lite vi faktisk veit.
Av Martin Blekkerud (artikkelen er også publisert på forskning.no)

– Eg veit at fontena i Frognerparken er Noregs beste kunstverk, seier Kristopher Schau.
– Nei, det veit du ikkje, svarer Einar Duenger Bøhn.
Slik opnar ein ny episode av podkasten Nysgjerrige Norge. Programleiar Schau har med seg professor i filosofi ved Universitetet i Agder, Einar Duenger Bøhn, ut i det fri for å snakke om kva det betyr å vite noko. For kva vil det eigentleg seie å vite?
– Det første vi må gjere i filosofien, er å definere omgrepa, seier Bøhn.
Og omgrepet det handlar om her – nemleg kunnskap – er slett ikkje så lett å gripe som ein skulle tru.
Ein eldgammal definisjon og problemet med han
– Om vi skal vere ryddige, kan vi byrje med definisjonen frå Platon. Han seier at kunnskap består av tre ting: Du må tru noko, det må vere sant og du må ha ein god grunn til å tru det, seier Bøhn.
Ifølgje Store norske leksikon definerte Platon kunnskap slik:
- Sanning:Det som blir hevda som kunnskap må faktisk vere sant.
- Tru:Den som påstår å ha kunnskap, må ha ei oppfatning eller tru at det er sant.
- Grunngiving:Det må finnast ein god grunn eller bevis som støttar oppfatninga.
Duenger Bøhn trekkjer fram dømet med ei øydelagd klokke: Om du ser på ei klokke som har stoppa, og ho tilfeldigvis viser rett tid, så trur du at klokka er tre og det er rett.
Om du stoler på klokka, så har du også ein god grunn til å tru at klokka er tre, men du hadde jo berre flaks.
– Då har du ikkje kunnskap, forklarer han.
På same måte kan du også vite noko, til dømes korleis du speler gitar og slik ha mykje kunnskap om at du må gjere slik og slik, men du manglar ein god grunn for at det er slik. Då er det motsette problemet: Du berre veit det. Då har du kunnskap, men ikkje sann, grunngitt tru.
– Det finst altså døme på at definisjonen ikkje held i praksis. Det gjer det heile frykteleg vanskeleg, seier Bøhn.
Skeptisisme: Eit sunt ubehag
– Veit vi eigentleg noko som helst? spør Schau.
Det korte svaret frå Bøhn er: Nei, kanskje ikkje. Men det er heller ikkje poenget.
– Filosofisk skeptisisme handlar ikkje nødvendigvis om å fornekte alt, men om å stille spørsmålet: «Korleis veit du det?» nok gonger til at du faktisk må stoppe opp og tenkje.
Og det, seier Bøhn, er sunt.
Han samanliknar det med konspirasjonsteoretikarar. Av og til er det bra at nokon tviler. Ikkje fordi dei har rett, men fordi det tvingar andre til å tenkje igjennom kva dei eigentleg veit – og kvifor.
– Problemet er når det blir for mange som berre tviler på alt. Det er ikkje skeptisisme, det er berre dogmatisk mistillit. Men éin prosent tvilarar er bra. Då må vi andre skjerpe oss, seier Bøhn.
Kunnskap og tillit
– Eg har aldri vore i verdsrommet. Eg har ikkje sett med eigne auge at jorda er rund. Veit eg det då? spør Schau.
– Mange forvekslar opplevinga av tryggleik med kunnskap, påpeikar Bøhn.
Fanatiske flat-jord-truande er ifølgje Bøhn heilt sikre i si sak, utan at det gjer dei kunnskapsrike. Derfor er ikkje tryggleik eit godt kriterium.
Og sjølv på område vi meiner er opplagde, viser filosofien der raskt omgrep glepp. Jorda er rund, men berre i laus forstand. Rund er ein matematisk formel, medan planeten er bulkete, oval og full av fjell og dalar, påpeikar Bøhn.
– Det er jævleg vanskeleg, og det er ikkje så lett som du trur, å vite at jorda er rund, seier han.
Historier som forfører og forvirrar
Bøhn peikar på at det finst mange typar kunnskap og at mykje av det vi tek for gitt er såkalla kunnskap via vitnesbyrd. Altså at nokon vi stoler på, har sagt det til oss.
– Du trur det og du har god grunn til å tru det. Så kanskje veit du det. Men det er ein tillitsbasert kunnskap. Og det er sånn mesteparten av kunnskapen vår fungerer, seier Bøhn.
Derfor er det, ifølgje Bøhn, så viktig med kjeldekritikk og at vi lærer å vurdere om informasjonen kjem frå ei truverdig og uavhengig kjelde. Og kanskje endå viktigare:
– Når ein vitskapsperson har forska i 50 år på eit område, så er det veldig tåpeleg av meg å ikkje høyre etter når han snakkar om det området eller berre meine noko anna. Det er frykteleg dumt, seier han.
Knowing that versus knowing how
Bøhn skil mellom to typar kunnskap: Å vite at noko er slik, altså teoretisk kunnskap, og å vite korleis ein gjer noko, altså praktisk kunnskap.
– Å vite korleis ein knyter skolissene, korleis ein speler gitar eller målar eit bilete, alt det er ikkje noko du kan google deg til. Det må du lære gjennom erfaring og øving, seier han.
Han meiner denne typen kunnskap er undervurdert.
– Når du meistrar noko, gir det meining og retning. Det held ikkje å lese seg opp på alt. Du må gjere det, seier Bøhn.
I dag, seier han, er det for mange som trur dei veit mykje, men som eigentleg berre har samla på fakta utan å ha gjort dei til sine eigne.
– Det er forskjellen på å kunne forklare korleis ein motor fungerer og å faktisk få ein motor til å starte, seier han.
Kvifor finst noko i det heile?
Duenger Bøhn dreg det heile endå eit hakk lenger: Kvifor finst det noko som helst og ikkje berre ingenting?
– Det spørsmålet er så grunnleggjande at vi kanskje aldri får eit tilfredsstillande svar. Men det er viktig å stille det, seier Bøhn.
Det er eit av dei mest grunnleggjande og urovekkjande spørsmåla vi kan stille, meiner han.
– Og jo meir du tenkjer på det, jo vanskelegare blir det. Det er rett og slett ein god grunn til å ta seg ein pause.
Men sjølv om det kan vere ubehageleg, er det kanskje akkurat derfor vi treng filosofi. Ikkje nødvendigvis for å få svar, men for å forstå kor vanskeleg spørsmåla eigentleg er.
– Og det er også ei form for kunnskap, ein slags intellektuell audmjukskap, seier Bøhn.
- Professor i filosofi, Universitetet i Agder.
- Deltek i forskingsprosjektet Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR) og i Forskingsgruppa i etikk og filosofi ved UiA.
- Underviswr hausten 2025 i epistemologi og i vitskapsfilosofi.
- Står bak fleire filosofirelaterte podkastar. Blant dei Einar Duenger Bøhns filosofipod, Gustav og Einar snakker om kunstog Kristopher og Einar leser Nietzsche.
- Har skrive ei rekke bøker om filosofi. Blant dei Teknologiens filosofi (2022), Kunsten å tenke sammen (2024) og Sokrates forsvarstale (2024).
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. september 2026, kl. 13.03 CEST
Vakttelefon til søknadsfrist
Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.