Podkast: Kan hat gi håp? Kristopher Schau får svar frå ekstremismeforskar
Kva får folk til å vende ryggen til demokratiet og heller tru på valdelege løysingar? Kva skjer i liva deira før dei byrjar å tru på konspirasjonar, framandfrykt og totalitære ideologiar? Cathrine Thorleifsson har forska på høgreekstreme miljø i Noreg og Europa i over ti år.
Av Martin Blekkerud (artikkelen er også publisert på forskning.no)

Ho har møtt nynazistar, konspirasjonsteoretikarar og tidlegare ekstremistar som har vendt seg bort frå vald og hat. Og éin ting er tydeleg:
– Ekstremisme er ikkje først og fremst ei ideologisk overtyding. Det handlar ofte om å kjenne seg marginalisert, forklarer ho.
Ein fellesskap med retning
Ifølgje Thorleifsson søkjer mange ekstremistar noko djupt menneskeleg: Ei gruppe å høyre til i, eit rammeverk for å forstå verda og ei kjensle av kontroll i kaoset.
– Eg trur mange blir tiltrekte av det klare verdsbiletet. Det er ein fellesskap med tydelege svar og sterke meiningar. Det kan erfarast trygt i ei usikker verd, seier ho.
I møte med høgreekstreme miljø har ho sett korleis kjensla av urettvise, det at ein ikkje blir sett, høyrt eller verdsett, blir kopla til idear om at nokon andre får for mykje.
– Mange føler at dei mistar noko. At «dei andre» tek det dei sjølv hadde. Og det er nettopp den kjensla ekstreme ideologiar utnyttar, seier Thorleifsson.
Når konspirasjonar gir tryggleik
I dag breier ekstremismen seg i stadig nye former, ikkje berre via klassisk nynazisme eller jihadisme, men også gjennom lause nettverk av influensarar, forumbrukarar og alternative medium på nett.
– Konspirasjonsteoriar er sentrale i mange av desse miljøa. Dei gir folk ei forklaring på kvifor verda er så vanskeleg, seier Thorleifsson.
Chemtrails. QAnon. Flat Earth. Pizzagate. 5G-stråling. Vaksinechip. Illuminati. Lista over konspirasjonsteoriar som sirkulerer på nettet verkar uendeleg, frå det uskuldig absurde til det djupt farlege.
Ifølgje Thorleifsson gir konspirasjonane orden i kaoset: Verda er ikkje tilfeldig, det finst ein skjult plan. Det er nokon som trekkjer i trådane. Og du som forstår det, er vaken. Medan resten av verda er lurt.
– Det gir ei kjensle av å vere spesiell. Ein veit noko dei andre ikkje veit. Det er ei form for anerkjenning, forklarer ho.
Heilt vanlege menneske
I intervjuet understrekar Thorleifsson at dei som blir trekte mot ekstreme ideologiar, ikkje er monster. Dei er menneske, og dei byrja ein stad.
– Det er viktig å forstå at dette kan skje med mange. Ekstremisme startar ikkje med vald. Det startar med noko så menneskeleg som leiting etter tilhøyrsel og meining, seier ho.
Ho trekkjer også fram at sjølv om ekstremisme bør fordømmast, må vi skjønne kva som driv dei som søkjer seg til ekstremistiske rørsler.
– Vi må vere tydelege på at den politiske ideologien og dehumaniseringa her er farleg. Men vi må også prøve å forstå kvifor folk hamnar der.
Radikalisering skjer ikkje i eit vakuum
Ekstremisme utviklar seg sjeldan over natta. Ofte følgjer det eit mønster: Først eit tap, ei krise eller ei kjensle av utanforskap.
Deretter kjem ei fase med intens leiting etter meining og svar. Og til slutt: Ein fellesskap som tilbyr ein ny identitet, klare fiendebilete og kjensla av å høyre til.
– Det skjer ofte over tid. Ein søkjer, og så møter ein nokon som seier: Vi forstår deg. Vi har svara. Og vi har fiendane, seier Thorleifsson.
Ho åtvarar mot å tenkje at dette berre skjer med ungdom i vanskelege livssituasjonar. Radikalisering kan skje med folk i alle aldrar og livssituasjonar, særleg i tider med erfart sosial uro eller krise.
– Pandemien var eit døme. Mange sat isolerte heime og då fekk enkelte miljø mykje meir gjennomslag. Konspirasjonsteoriane blomstra, seier ho.
Kvar går grensa?
– Eg slit med å vite kvar grensa går. Er det ekstremt å meine at Noreg burde stenge grensene? Eller at vi bør ut av NATO? spør Kristopher Schau i podkasten.
Thorleifsson svarer at det er viktig å skilje mellom det som er kontroversielt og det som er ekstremt.
– Ekstremisme handlar om å vere villig til å bruke vald, eller å ville rive ned demokratiet. Folk kan meine mykje rart og ha sterke meiningar i eit ope demokrati med ytringsfridom, utan å vere ekstremist, seier ho.
Kva kan vi gjere?
Korleis møter vi ekstremisme på ein måte som faktisk verkar? Svaret, ifølgje Thorleifsson, handlar om meir enn politi og overvaking.
– Det viktigaste er å styrkje tilhøyrsel, fellesskap og opplevinga av å bety noko. Førebygging skjer i skulen, i familien og i lokalsamfunnet. Det handlar om å byggje motstandskraft, seier ho.
Ho peikar på verdien av kontakt mellom ulike menneske, og at unge må føle at dei har ei stemme.
– Å kjenne seg inkludert og anerkjend, det er den beste vaksinen vi har mot ekstremisme.
Når ekstreme idear blir normaliserte
Idear som tidlegare vart rekna som ekstreme, kan med tida bli oppfatta som normalt. Når konspirasjonar, framandfrykt eller autoritære haldningar blir ofte nok gjentekne – og av mange nok – kan dei gradvis bli meir aksepterte i offentlegheita.
– Når ytringar som tidlegare ville vorte møtte med avstand og kritikk, i staden får plass i den offentlege samtalen, blir grensene flytta. Det kan gjere at fleire kjenner seg trygge på å uttrykkje ekstreme meiningar, seier forskaren.
Dette betyr ikkje at ytringsfridommen skal avgrensast. Tvert imot så meiner Thorleifsson det er viktig at vi toler usemje, men at vi samtidig forsvarer grunnverdiane til demokratiet.
– Vi må vere klar over kva vi gir rom for, og korleis vi møter farlege idear med fakta, openheit og kritisk tenking, seier ho.
Ekstremisme finst i mange former
Sjølv om høgreekstremisme har vore det mest synlege i Noreg dei siste tiåra, er det langt frå den einaste forma for radikalisering.
Thorleifsson understrekar at ekstremisme også finst på ytre venstreside og i religiøse miljø. Ja, til og med i miljørørsler.
– Ekstremisme handlar ikkje berre om innhaldet i ideologien, men om metodane og målet. Når nokon er villige til å bruke vald, truslar eller undergrave demokratiet, då er vi i det ekstreme landskapet, seier ho.
Ho legg til at vi i møte med slike rørsler treng meir enn berre fordømming og overvaking.
– Vi treng også kunnskap, nysgjerrigheit og evne til å sjå menneske. Og vi må gjere det før ideologien fangar dei heilt.
- Cathrine Thorleifsson er sosialantropolog og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på politisk ekstremisme, nasjonalisme og radikalisering, og har gjort feltarbeid blant ytre høgre-aktivistar i fleire europeiske land.
- Som leiar for Ekstremismekommisjonen har ho bidrege til ny kunnskap om korleis fiendebilete blir skapte og forsterka, både i fysiske miljø og på digitale plattformer.
- Ho er også vinnar av Forskingsrådets formidlingspris for 2024, og er kjend for det modige arbeidet sitt med å gjere forsking på ekstremisme tilgjengeleg for offentlegheita.
- Cathrine Thorleifsson snakkar engelsk, hebraisk, arabisk og tysk flytande, og ho er ofte kjelde i norske og internasjonale medium.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. september 2026, kl. 10.33 CEST
Vakttelefon til søknadsfrist
Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.