Innovasjonsprisen

Innovasjonsprisen blir tildelt ein person eller ei verksemd, privat eller offentleg, som har skapt innovasjon gjennom strategisk bruk av forsking. Vi leitar etter kandidatar som er med på å flytte grenser for kva som er mogleg innanfor eit fagfelt. Vinnaren mottar heder og ære og ein halv million kroner. Kjenner du nokon som bør få prisen? Kanskje deg sjølv?

Nominér favorittane dine her før fristen 17. oktober! 

Vedtekter for innovasjonsprisen

  1. Forskingsrådets innovasjonspris blir tildelt ein person eller ei verksemd, privat eller offentleg som har brukt forsking strategisk i innovasjonsarbeidet sitt, og slik skapt forskingsbasert innovasjon. Verksemda må ha nytta eitt eller fleire av verkemidla til Forskingsrådet.
  2. Tildelinga av prisen skal gi merksemd om nytteverdien av forsking som utgangspunkt for innovasjon. Den skal i tillegg vise nytten av samarbeid mellom forskingsmiljø og verksemder og gi merksemd om Forskingsrådet som innovasjonsaktør.
  3. Prisen skal bidra til å inspirere andre til å satse strategisk på forsking og til å ta i bruk forskingsresultat på ein framifrå måte.
  4. Prisen blir lyst ut offentleg, og forslag til kandidatar sendast til Forskingsrådet. Frist og skjema for å sende inn forslag blir gjort tilgjengeleg når prisen blir lyst ut. Forskingsrådet kan også sjølv foreslå kandidatar.
  5. Kandidatane blir vurderte av ein intern komité som nominerer dei fem til sju beste kandidatane. Desse blir deretter vurderte av ein jury nemnt opp av Forskingsrådets hovudstyre.  
  6. Prisen er på 500 000 kroner og blir delt ut på et arrangement i regi av Forskingsrådet.
  7. Prispengane skal brukast til innovasjonsaktivitetar.

Juryen for Forskningsrådets innovasjonspris

  • Hilde Tonne, juryleiar
  • Eimund Nygaard
  • Kirsti Hjemdal
  • Pinar Heggernes
  • Jan Magnus Aronsen
  • Mari Sundli Tveit
  • Karianne Melleby