Forskingskampanjen
Forskingskampanjen har vore eit landsomfattande citizen science-, eller folkeforskingsprosjekt, der elevar frå 6 til 19 år vart inviterte til å hjelpe forskarar i eit forskingsprosjekt. Kampanjen pla finne stad under Forskingsdagane og var eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Miljølære.
Slik foregjekk forskingskampanjen
- Alle elevane gjorde dei same undersøkingane.
- Resultata vart registrerte på nett.
- Forskarar analyserte dataa og skreiv rapport.
Sjå døme frå tidlegare kampanjer
2021: Sjekk skulen sitt uteområde. Formålet var å få meir kunnskap om kvaliteten på norske skulegardar.
2020: Finn framande artar. Elevane skulle finne, fotografere og registrere framande planter i skulen sitt nærmiljø. Dei samla data for å hjelpe Artsdatabanken og forskarar som jobbar med å kartleggje desse artane.
2019: Jakta på mikroplasten. Kan vi finne mikroplast i skulegarden? Kor mykje finn vi rundt oss og kva er kjeldene? Samarbeid med forskingsinstituttet NORCE.
2018: Sjekk skulematen. Kva består det norske skulemåltidet av? Samarbeid med Universitetet i Oslo.
2017: Sjekk kunstgrasbanen. Kor stort er problemet med svinn frå kunstgrasbanar? Kor mykje gummiknottar haikar med spelarane vekk frå banen? Samarbeid med NILU, Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet og Sintef.
2016: Lag eit skyatlas. Tusenvis av skyobservasjonar vart lasta opp saman med data om vêrtype og stad, i tillegg til kva vêrmeldingssymbol som passa best. Resultatet vart eit skyatlas alle kan bruke for å lære meir om dei ulike skytypane. Samarbeid med Meteorologisk institutt.
2015: Smak deg fram eit masseeksperiment. Korleis heng matval saman med sansane våre? Samarbeid med Nofima og det danske Masseeksperimentet.
2014: Ta tempen på språket! Ei undersøking av språk, dialektar og slang. Samarbeid med MultiLing senter for fleirspråkligheit ved Universitetet i Oslo.
2013: Dafniejakten: kartlegging av dyreliv i vassdammar. Samarbeid med NINA.
2010: Meitemark. Kartlegging av meitemarkartar i Noreg for å forbetre karta over utbreiing.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juli 2025, kl. 01.11 CEST