No kjem utlysinga av KI-milliarden

I løpet av 2025 kan Noreg få inntil seks nye forskingssenter for kunstig intelligens (KI). Statsråden oppmodar til samarbeid mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor. – No gjeld det å melde seg på, seier statsråd Oddmund Hoel.

– Det er ikkje tvil om at kunstig intelligens skaper både store moglegheiter og utfordringar. Eg er opptatt av at vi må bli meir konkrete når vi snakkar om KI. Kva betyr det til dømes for helse og samferdsel? Vi må få det ned på jorda, og med dei nye sentera som vi no lyser ut skal vi både utvikle ny kunnskap og ta han i bruk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Statsråden oppmodar no til samarbeid: 

– Skal vi bruke teknologien til noko positivt og handtere dei uheldige konsekvensane klokt, då treng vi  samarbeid mellom akademia, næringsliv og det offentlege. Det gleder meg at Forskingsrådet no lyser ut KI-milliarden, seier Hoel. 
 
Forskingsrådet skal i 2025 velje ut fire til seks tverrfaglege og tverrsektorielle KI-senter. Sentera skal drive med KI-forsking av høg kvalitet og ta tak i store utfordringar for samfunnet, næringslivet og offentleg sektor. KI-sentera blir finansierte med ei ramme på 850 millionar kroner. Resten av pengane i KI-milliarden blir brukt til mellom anna forskarskular, internasjonalt samarbeid og koordinering for å støtte opp om og knyte saman sentera. 

Senter som løfter norsk KI-forsking 

Sentera blir etablerte i 2025 og skal strekke seg over minst fem år. 

– Sentera skal flytte forskingsfronten innanfor KI og bygge KI-kapasitet i forskings- og innovasjonssystemet. Samla skal sentera sette eit stort fotavtrykk for norsk KI-forsking ved å ta tak i problemstillingar som krev ei tverrfagleg tilnærming og som koplar forsking på samfunnskonsekvensar, teknologiutvikling og innovasjon, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.  

Vegen vidare  

Forskingsrådet legg opp til ein to-trinn prosess der første trinn er ei skisseutlysing og deretter ei hovudutlysing. Forskingsorganisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder kan sende inn skisse, men ein Forskingsorganisasjon må stå som søkjar i hovedutlysinga. Vi planlegg å publisere fullstendig tekst til hovudutlysinga før sommarferien 2024.   
  
– Det forgår allereie veldig mykje spennande innan KI i forskingsinstitusjonane, hos store og små bedrifter, og hos mange offentlege aktørar som vi må byggje vidare på, seier Sundli Tveit. 

Samarbeid gjer sterk 

Forskingsrådet vil offentleggjere tittel, prosjektansvarleg, kontaktperson, aktørar bak skissa og samandrag av  trinn 1-skisse. Dette vil gi søkjarar og interessentar oversikt over innsende skisser, kven som står bak og evt. kven ein kan kontakte og samarbeide med. Forskingsrådet vil også ta initiativ til ulike møteplassar (digitale og fysiske) som gir aktørane høve til å diskutere og samarbeide om skisser og søknader.    

Forventningar til eit KI-senter

Eit forskingssenter for kunstig intelligens skal 

  • ha ei klår og tydeleg målsetjing
  • ha ambisiøse forskingsmål som flyttar forskingsfronten på KI-feltet
  • svare på konkrete problemstillingar med overføringsverdi til fleire felt/domene/bruksområde
  • drive med tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid, nasjonalt og internasjonalt; ha solide (leiande) samarbeidspartnarar frå fleire fagfelt, forskingsorganisasjonar, næringsliv og offentleg sektor
  • ha høge og konkrete mål for rekruttering, forskarutdanning og kompetanseutvikling hos partnarar og utanfor
  • ha ambisiøse planar for dialog, formidling og kunnskapsspreiing til samfunn og relevante aktørar
  • ha planar og mål for supplerande finansiering, i form av eigenfinansiering, partnarfinansiering og anna

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. mai 2024, kl. 22:36 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.