120 millionar kroner til norsk fagspråk

Regjeringa satsar på det norske fagspråket, og lyser no ut pengar til ei stor sentersatsing for norsk språkvitskap.

Dei siste åra har stadig meir av undervisninga og forskinga ved universitet og høgskular vore på engelsk. Regjeringa vil at norsk skal halde fram med å vere eit fullverdig og samfunnsberande språk, og la i fjor fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.  

– Dei siste tiåra har norsk fagspråk mista fotfestet i forsking og høgare utdanning. Taper vi vårt eige  fagspråk, mister vi noko av det viktigaste vi har i Noreg: eit felles, fullverdig språk som kan brukast til alt. No styrker vi kunnskapsberedskapen vår gjennom ei langsiktig satsing på norsk språkforsking, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Vil styrke fagmiljøa innan norsk språkforsking  

Denne veka lyser Forskingsrådet ut inntil 120 millionar kroner til ei satsing på senter for norsk språkforsking. Utlysinga rettar seg mot norske fag- og forskingsmiljø innanfor språkvitskapen.  

– For eit levande norsk fagspråk treng vi solid forskingsbasert kunnskap om språket vårt. Det sikrar vi no. Forskingsmiljøa på området har blitt bygd ned over tid, så no trengs det ei særskilt satsing på desse fagfelta. Eg håper mange ulike fagmiljøa finn saman, slik at vi kan sikre eit levande norsk fagspråk for framtida, seier Hoel.

Rapportar frå sektoren tyder på at fagmiljøa i dag er små og spreidde. Målet med satsinga er å styrke kunnskapsgrunnlaget og rekrutteringa til mellom anna terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi.  

– Satsinga skal vere med på å styrke og konsolidere relevante fagmiljø, fremje samarbeid og vareta behovet i samfunnet for fagkompetanse på lang sikt. Det kan vere aktuelt for fleire fagmiljø å samarbeide om å utarbeide ein felles søknad. Det er ingen føresetnad at desse fagmiljøa er geografisk samlokaliserte, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.

Søknadsfristen blir 18. september 2024 og tildelingane vil skje tidleg i 2025. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. mai 2024, kl. 06:20 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.