Stort potensial for berekraftig fôrproduksjon

Forslaga til målsetjingar og organisering av samfunnsoppdraget på berekraftig fôr er no overleverte til departementa. Blant tilrådingane er mål om å redusere klimagassutslepp og bevare naturmangfald, auke forsyningstryggleiken og utvikle ein norsk fôringrediensindustri.

Tilrådingane blir presentert i eit ope seminar hos Forskingsrådet onsdag 17. januar. Meir informasjon om arrangementet kjem, men hald av datoen!

Rapporten er utarbeidd av ei operativ gruppe med representantar frå fleire statlege etatar. Avdelingsdirektør Christina Abildgaard i Forskingsrådet har leidd gruppa. Ho kan fortelje at det er foreslått tre mål for samfunnsoppdraget:  

– Det handlar om å redusere klimagassutslepp og bevare naturmangfald, auke forsyningstryggleiken og utvikle ein sterk fôringrediensindustri i Noreg. Gruppa tek også til orde for at oppdraget blir organisert gjennom eit styre utnemnt av regjeringa gjennom eit tverrdepartementalt utval. Styret bør ha deltakarar frå leiarnivå innan både blå og grøn sektor, og bør støtte seg på eit rådgivande forum som kan samle alle typar interesser og ekspertisar frå forsking, næring, politikk, forvaltning og samfunnsliv. Det daglege arbeidet bør bli utført i eit fast sekretariat, seier Abildgaard. 

Forskingsrådet har også halde sekretariatet for arbeidet, med seniorrådgivar Anders Karlsson-Drangsholt som sekretariatsleiar: 

– Det har vore svært spennande å leie dette arbeidet. Spesielt vekslingane mellom ekspertgruppa og operativ gruppe og samarbeidet i verkemiddelapparatet har vore veldig lærerikt. Det at samfunnsoppdraget femnar både husdyr og oppdrettsfisk har gitt mange gode diskusjonar på tvers av sektorane som eg meiner gir styrke til tilrådingane, seier Karlsson-Drangsholt.  

Ifølgje rapporten har Noreg ei rekkje komparative fortrinn for ny produksjon av berekraftige fôringrediensar, men det finst også fleire barrierar som gjer at ein enno ikkje har henta ut dette potensialet. Det må setjast inn tiltak innan regelverk, teknologi, ressurstilgang og marknadspris for berekraftige fôringrediensar. Til dømes er delar av dagens regelverk ikkje tilpassa nye ingrediensar og ny teknologi. 

I tillegg til samfunnsoppdraget om berekraftig fôr, har Forskingsrådet også ansvar for å leie førebuinga av eit samfunnsoppdrag om inkludering av barn og unge, som skal levere den førebelse rapporten sin i februar. Eva Falleth, som er områdedirektør for berekraftig samfunnsutvikling, har begge oppdraga i porteføljen sin: 

– Dei målretta samfunnsoppdraga som regjeringa har lansert, er banebrytande satsingar der målet er å løyse komplekse samfunnsproblem. For Forskingsrådet har det vore ei udelt glede å leie dette arbeidet. Det er tydeleg at det vil vere behov for kunnskapssatsingar i tida framover og vi er klare til å satse vidare i denne prosessen, seier Falleth. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. mai 2024, kl. 15:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.