Ny forsking skal gi betre inkludering i arbeidslivet

Forskingsrådet tildeler 47 millionar kroner til fire nye prosjekt for inkludering i arbeidslivet. Forskinga skal føre til betre tiltak, verkemiddel og tenester.

Forskingsrådet tildeler 47 millionar kroner til fire nye prosjekt for inkludering i arbeidslivet. Foto: Jonas Bendiksen

Fire forskingsprosjekt har fått midlar til å utvikle ny kunnskap om arbeidsinkludering. Forskinga skal møte behov i praksisfeltet og forvaltninga, blir utført i tverrsektorielt samarbeid og gi grunnlag for politikkutforming.

— Dette er godt nytt. Vi veit at ungdom, flyktningar og innvandrarar, og menneske med helseutfordringar er grupper som treng hjelp for å inkluderast i arbeidslivet, seier Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen. Derfor kjem den nye ungdomsgarantien til regjeringa som vil bidra til å få fleire i aldersgruppa 16-30 år ut i arbeid. Men vi treng meir kunnskap. Forsking om verkemiddel og tiltak kan bidra til betre tenester og at fleire får hjelp.  Eg er særs oppteken av dette fordi vi veit det betyr mykje for den enkelte, seier Mjøs Persen.

Resultata frå prosjekta skal gi kunnskap om kva som gir treffsikre tiltak, verkemiddel og tenester for inkludering i arbeidslivet.

— Inkludering i arbeidslivet er utruleg viktig både for livskvaliteten og samfunnsdeltakinga til den enkelte, og for vidareutviklinga av eit berekraftig velferdssamfunn. For å sikre til at alle som ønskjer det har høvet til å bidra i samfunnet på ein meiningsfull måte, treng vi forskingsbasert kunnskap med utgangspunkt i praksisfeltet og behova og perspektiva til brukarane, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Forskinga skal gjennomførast i samarbeid med aktørar som representerer behovet i samfunnet for kunnskap og forskingskompetanse. Det vil seie at relevante aktørar, til dømes frå offentleg sektor, arbeidstakar- og arbeidsgivarsida og sluttbrukarar, skal delta som aktive samarbeidspartnarar i prosjekta og at perspektiva deira blir varetekne i forskinga.

Fire nye prosjekt

Forskingsstiftinga FAFO får 12 millionar kroner til prosjektet Engaging workplaces: a social partnars perspective on youth activation. Prosjektetskal skaffe ny kunnskap om korleis sårbare unge arbeidssøkjarar kan sikrast varig arbeidsdeltaking. Prosjektet tek utgangspunkt i arbeidsgivarars inkluderingspraksis og rolla til partane i arbeidslivet og trepartssamarbeidet.

OsloMet får til saman nær 35 millionar kroner for å gjennomføre tre prosjekt:

  • Preparing for long term stay or fast return? Labour-market integration of Ukrainian refugees in Norway skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for tiltak og praksis for inkludering av ukrainske flyktningar i arbeidslivet, og bidra til eit breiare kunnskapsgrunnlag om inkludering av flyktningar. Studien samanliknar tilnærmingar i Noreg og Sverige. Prosjektet er tildelt 11 millionar kroner.
  • Promising practices: Holistic Work Inclusion of Young Adults skal gi ny kunnskap om, og bidra til betre og heilskapleg praksis forarbeidsinkludering av unge vaksne, med særleg søkjelys på NAV sitt ungdomsteam. Prosjektet er tildelt 12 millionar kroner.
  • Revising work time flexibility policies to promote work inclusion skal undersøkje effektar av fleksibel arbeidstid og relaterte juridiske debattar og rammeverk. Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for blant anna utforming av tiltak og tilrådingar som skal hindre tilbaketrekking og ekskludering frå arbeidslivet. Prosjektet er tildelt 12 millionar kroner.

Til saman vart 22 søknader sendt inn til utlysinga, som hadde frist 15. februar. Forskingsrådet sitt porteføljestyre for Velferd, kultur og samfunn har innvilga dei fire prosjekta på grunnlag av vurderingar av kvaliteten på søknadene, gjennomført av internasjonale fagekspertar.

Pressekontakt

Christian Haug-Moberg

    Pressekontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. juni 2024, kl. 21.59 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.