Nasjonalt nettverk for folkeforsking

Folkeforsking er å engasjere og involvere folk som ikkje har forskarbakgrunn i forsking eller i samarbeid med forskarar eller forskingsinstitusjonar. Fleire organisasjonar og aktørar har teke initiativ til eit nasjonalt nettverk for folkeforsking som no er under etablering.

Tre damer i turklær med insektshover i hendene bøyer seg ned mot en liten dammot en

Kva er folkeforsking?

På norsk har vi valt å bruke folkeforsking (citizen science) som overordna omgrep for å beskrive aktivitetar der publikum på ulike måtar blir involvert i forsking og kvar sluttresultatet er ny kunnskap eller innsikt.

Folkeforsking handlar om at publikum og forskarar hjelper kvarandre med å produsere ny vitskapleg kunnskap og innsikt. Ofte er det forskarar som får hjelp av publikum til å samle inn data (t.d. vassprøver), men det kan også vere prosjekt starta av privatpersonar eller organiserte initiativ for å undersøkje noko i nærmiljøet ved hjelp av vitskaplege metodar.

Folkeforsking dekkjer alle typar forskingsdisiplinar, og kan vere innsamling av data eller hjelp til å gå gjennom store datamengder, til dømes observasjonar av plantar eller dyr, innsamling av språkdata eller hjelp til å klassifisere bilete av galaksar. Folkeforsking kan også handle om å vere med på å formulere forskingsspørsmål og å prøve ut nye metodar. Folkeforskingsprosjekt kan vere alt frå små og lokale til store og globale initiativ.

Folkeforskinga har hatt størst utbreiing innanfor biologi og miljøforsking med meir, men dei siste åra har folkeforsking for alvor også skote fart innanfor humaniora (citizen humanities) og samfunnsvitskap (citizen social science).

Folkeforsking har tradisjonelt handla om å rekruttere deltakarar til datainnsamling og korleis ein får dei til å levere data av tilstrekkeleg kvalitet. I tillegg har samskaping (co-creation) segla opp som eit viktig tema. Korleis ser folkeforsking ut frå innbyggjarane sitt perskeptiv – altså frå perspektivet til dei frivillige deltakarane? Korleis kan vi vere sikre på at alle som bør, blir høyrde?

Sjå opptak av første nettverkssamling.

Kvifor folkeforsking?

Folkeforsking har fått auka merksemd dei siste åra. Mellom anna har EU vektlagt dette i det nye rammeprogrammet Horisont Europa. Denne utviklinga viser at folkeforsking ikkje berre er ein vitskapleg metode for å samle inn data i store kvantum, men ein måte å setje innbyggjarar i stand til å bruke innsamla data for å påverke lovgiving og lokal og regional avgjerdstaking.

I Forskingsrådets policy for open forsking er det lagt vekt på at det har stor betydning å involvere innbyggjarane. Eit nasjonalt nettverk kan bidra til å fremje folkeforskingsaktivitetar i Noreg.

Ti prinsipp for folkeforsking

Folkeforsking (citizen science) er eit fleksibelt konsept, som kan tilpassasat og brukast i ulike situasjonar og i ulike disiplinar. European Citizen Science Association (ECSA) laga for nokre år sidan ti prinsipp for folkeforsking. Intensjonen var å etablere nokre nøkkelprinsipp som ECSA meiner kan liggje til grunn for beste praksis innanfor folkeforsking.

Prinsippa er omsette til ei rekkje språk. Den norske omsetjinga er gjord i regi av det norske nettverket for folkeforsking og byggjer på den engelske og danske versjonen.

  1. Folkeforskingsprosjekt involverer frivillige aktivt i vitskapleg arbeid som skaper ny kunnskap eller innsikt. Frivillige kan ha ei viktig rolle i prosjektet som bidragsytar, samarbeidspartnar eller prosjektleiar.
  2. Folkeforskingsprosjekt får fram forskingsbaserte resultat. Døme på dette kan vere å svare på eit forskingsspørsmål, bidra til naturvern eller -forvaltning eller miljørelaterte avgjerder.
  3. Både profesjonelle forskarar og folkeforskarar dreg nytte av å delta i folkeforskingsprosjekt. Fordelar ved å delta kan vere publisering av forskingsresultat, moglegheiter for læring, personleg glede og sosiale fordelar, men også den gode kjensla av å få bidra til vitskapleg arbeid, til dømes ved å ta opp aktuelle lokale, nasjonale og internasjonale saker og gjennom dette ha høve til å påverke politikkutforminga.
  4. Folkeforskarar har høve til å delta i ulike stadium/steg i den vitskaplege prosessen, dersom dei ønskjer. Det kan både gjelde utforming av forskingsspørsmålet, metodedesign, innsamling og analyse av data, og dessutan formidling av resultat.
  5. Folkeforskarar får tilbakemelding frå prosjektet om til dømes korleis innsamla data blir brukt og om resultat for forsking, politikkutforming eller samfunn.
  6. Folkeforsking blir rekna som alle andre forskingstilnærmingar som tek omsyn til og kontrollerer for både avgrensingar og forskingsmessige skeivskapar. I motsetning til tradisjonelle forskingstilnærmingar opnar folkeforsking for større moglegheit til involvering i og demokratisering av vitskapen.
  7. Data og metadata frå folkeforskingsprosjekt blir gjort offentleg tilgjengeleg og publisert med open tilgang der det er mogleg. Deling av data kan skje i løpet av eller etter prosjektperioden, så sant det ikkje er tryggleiks- eller personvernomsyn som forbyr dette.
  8. Folkeforskarar blir anerkjende og krediterte i prosjektresultat og publikasjonar.
  9. Folkeforskingsprosjekt blir evaluerte både etter vitskaplege resultat, datakvalitet, opplevinga til deltakarane og større samfunnsmessige eller politikkrelaterte effektar.
  10. Leiarar av folkeforskingsprosjekt tek både juridiske og etiske omsyn når det gjeld opphavsrett, immaterielle rettar, datadelingsavtalar, konfidensialitet, kreditering og miljømessige verknader av alle aktivitetar som blir gjennomførte.

Folkeforsking i Noreg og Europa

Folkeforskingsprosjekt handlar tradisjonelt om å samle forskingsdata, der forskarar får hjelp frå befolkninga i innsamling og registrering av data. Det kan også vere prosjekt der befolkningsgrupper speler ei viktig rolle gjennom heile forskingsprosessen. Gjennom slike prosjekt får deltakarane innsikt i vitskapleg tenkjemåte og tileignar seg forskingsbasert kunnskap. Prosjekta kan ha vitskaplege, samfunnsmessige eller politiske mål, avhengig av kva slags form for forsking det er snakk om.

Folkeforsking kan ikkje berre føre til framsteg innanfor forsking, det kan også gi deltakarane høve til å engasjere seg i saker som interesserer dei, og skaper dialog mellom forskarar og publikum.

Involvering av ulike samfunnsaktørar i forskingsprosessar er framleis eit relativt nytt felt, og det finst lite systematisert kunnskap om korleis slike involveringsprosessar fungerer i praksis. Her er det behov for uttesting og læring som innspel til vidare utvikling. 

Den europeiske portalen EU-Citizen.Science inneheld mellom anna undervisningsmateriell, publikasjonar og diskusjonsforum om folkeforsking.

European Citizen Science Association (ECSA) er ein paraplyorganisasjon som arbeider for innbyggjarinvolvering i forsking.

Korleis komme i gang med folkeforsking

Rettleiar for forskingsaktivitetar

Folkeforsking er eit breitt omgrep som dekkjer ei rekkje ulike forskingsaktivitetar innanfor realfag, samfunnsvitskap, humaniora og kunst. Desse har til felles at dei skaper ny kunnskap saman med frivillige deltakarar, som ikkje er vitskaplege ekspertar på det området det skal forskast på. Involvering av dei frivillige kan finne stad til ulike tidspunkt i aktivitetane, og i ulik grad, men bør ideelt sett finne stad gjennom heile prosjektperioden. Folkeforskingsaktivitetar blir ofte gjennomførte i form av prosjekt, med eit klart definert start- og sluttidspunkt.

Det finst ulike aktørar som kan vere interesserte i å starte eit folkeforskingsprosjekt, men for å sikre vitskapleg kvalitet bør ein involvere profesjonelle forskarar i prosjektaktivitetane.

Denne rettleiaren gir ei kompakt oversikt over stega i eit folkeforskingsprosjekt. Rettleiaren er basert på ulike ressursar som er tilgjengelege via portalen eu-citizen.science, som er knytt til ECSA –European Citizen Science Association, og verktøykassa til europeiske folkeforskingsprosjekt ACTION

Det finst fleire ressursar på engelsk på kjeldene oppgitt her. Viss du har nokre spørsmål, ta kontakt med nettverk for folkeforsking v/Thomas Evensen.

Prosjektaktivitetane kan delast opp i fire fasar:

  1. Problemdefinisjon
  2. Planlegging av aktivitetar
  3. Gjennomføring av aktivitetar
  4. Evaluering

I rettleinga under presenterer vi korte innspel til kvar fase og vi er i tillegg innom tema som heng saman med dei fire prosjektfasane. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 18:38 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.