Stortingsmeldinga om forskingssystemet

Våren 2025 legg regjeringa fram ei melding til Stortinget om forskingssystemet. Forskingsrådet støttar arbeidet og bidrar med kompetanse, analysar og råd.

I Langtidsplan for forsking og høgare utdanning varsla regjeringa at ho vil leggje fram ei stortingsmelding om forskingssystemet. Arbeidet er godt i gang, og meldinga skal leggjast fram våren 2025.

På regjeringa.no kan du lese meir om det pågåande arbeidet og bakgrunnen for meldinga.

Ein nødvendig gjennomgang

Forskingsrådet meiner ein gjennomgang av forskingssystemet er heilt nødvendig for å nå måla i langtidsplanen og bidra til ei kunnskapsbasert omstilling av Noreg.

­– Vi treng eit forskings- og innovasjonssystem med kapasitet og kvalitet til å bidra med kunnskapen og verdiskapinga som krevst med ut frå dagens utfordringsbilete, samtidig som vi sikrar ein kunnskapsberedskap for å møte kunnskapsbehovet i framtida gjennom langsiktig, grunnleggjande forsking.

Vi vil arbeide for at meldinga byggjer på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag og gir god retning for omstillinga i åra som kjem, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Vårt arbeid med stortingsmeldinga

Kunnskapsdepartementet har sett ned ei prosjektgruppe for arbeidet der Forskingsrådet er representert.

Hausten 2023 omfattar meldingsarbeidet ein gjennomgang av Forskingsrådets rolle i forskingssystemet. Kunnskapsdepartementet har bede om skriftlege innspel frå dei forskingsutførande sektorane og andre aktørar. Forskingsrådets styre har gitt innspelet sitt i dette arbeidet (PDF).

Statsråden leier i tillegg ein møteserie om Forskingsrådets rolle og funksjonar.

Som underlag til gjennomgangen har vi levert ein rapport til Kunnskapsdepartementet om oppfølginga til rådet av tilrådingar i eksterne evalueringar og andre gjennomgangar, og effektane av tiltaka. Rapporten handlar også om interne initiativ uavhengig av eksterne tilrådingar.

Sjå også: Innspel til regjeringa om auka FoU i næringslivet (PDF)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. desember 2023, 22:19 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.