Spør KI-samtaleroboten vår

Aqua Nor 2025: Frå lågtrofisk innovasjon til fôrdebatt

Aqua Nor 2025 starta med eit pang! Allereie første dag fekk vi oppleve eit breitt spekter av innovasjon og engasjement i sjømatnæringa.

en kvinne i grønn bluse står på en talerstol foran en presentasjon
Sissel Rønning gav introduksjon til samfunnsoppdraget på AquaNor.

Vi starta dagen med eit inspirerande besøk på "lågtrofisk kafé", arrangert av Sintef Ocean. Her fekk vi innsikt i korleis lågtrofiske artar kan bidra til ein meir klimavennleg sjømatproduksjon, noko som er eit viktig steg mot ei meir berekraftig utvikling.

Vi besøkte også Forskingstorget, der vi fekk høyre spennande presentasjonar om mellom anna lakselus, dyrevelferd og ny teknologi for meir effektiv produksjon. Det var tydeleg at forskinga speler ei sentral rolle i å forme framtidas havbruk.

Gjennom dagen tok vi turen innom ei rekkje stands – frå små oppstartsbedrifter til etablerte aktørar – og fekk innblikk i alt frå digitalisering til automatisk oppsamling av fiskeslam.

Det var inspirerande å sjå korleis heile næringa jobbar mot felles mål om innovasjon og berekraft.

to menn og en kvinne som står på en stand på en AquaNor-messe, mannen viser tommel opp
Kjell Naas inspiserer nye fôr-ingrediensar på AquaNor.

Kva er berekraftig fôr – og kvifor er det viktig?

På onsdag arrangerte vi, i samarbeid med Sjømatbedriftene, vårt eige arrangement: «Hva er bærekraftig fôr». Her sette vi søkelys på eit av dei viktigaste spørsmåla for norsk sjømatnæring: Korleis sikrar vi berekraftig fôr til husdyr og fisk?

Sjømat er, nest etter olja, Noregs største eksportnæring og ein nøkkel for global mattryggleik. Og i motsetning til petroleumsindustrien, har norsk sjømatnæring eit potensial for vekst så langt vi kan sjå, så lenge han skjer på naturens premissar.

I tillegg er havet – den blå åkeren – ein av våre viktigaste ressursar for å nå måla om auka sjølvforsyning, grøn omstilling og berekraftig verdiskaping. Men for å lykkast må vi løyse fôrfloken. I dag er berre 8 prosent av råvarene til oppdrettsfôr norskproduserte. Målet til regjeringa er 25 prosent innan 2034 – ein ambisjon som krev utvikling av nye løysingar, risikokapital og investeringar i industrialisering av norske råvarer.

På programmet stod mellom anna:

  • presentasjon av eit rammeverk for å vurdere berekraft i fôr, ved Tor Eirik Homme (Grieg Seafood, leiar av ekspertgruppa for berekraft)
  • innspel frå Sjømatbedriftenes arbeidsgruppe om vegen mot 2030-måla
  • samtale om beredskap og mattryggleik med Statssekretær Even T. Sagebakken (NFD), Geir Ove Ystmark (Sjømat Norge) og Robert H. Eriksson (Sjømatbedriftene)
  • politisk debatt leidde av Harry Tiller (Sjømatbedriftene) om korleis investeringar og risikokapital kan bidra til rask omstilling

I skarp konkurranse med andre arrangement, klarte vi å fylle salen med engasjerte tilhøyrarar som følgde innlegga, samtalen og ikkje minst debatten der heile sju parti stilte opp med førstekandidatane sine frå Trøndelag!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. september 2025, kl. 16.17 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.