Slik blir du ein del av samfunnsoppdraget
For å nå måla om meir berekraftig fôr treng vi mange som bidreg. Med godkjende initiativ ønskjer vi å samle dei gode kreftene under éin paraply og skape betre oversikt, tilhøyrsle og samhandling på tvers av sektorar. Bli eit godkjent initiativ og ta del i fellesskapen for berekraftig fôr.

Som ein del av initiativet kan du nytte deg av logo i marknadsføring og presentasjonar. Du kan og omtale seg som ein del av samfunnsoppdraget.
Mål
- Involvere forsking, næring og samfunnet til å vere ein del av samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.
- Vi godkjenner aktørar som ønskjer å vere ein del av samfunnsoppdraget og som bidreg i praksis, utan å vere ei sertifisering eller kontrollordning.
- Samle alle gode krefter og skape tilhøyrsle
- Lage ein «paraply» og skape oversikt over aktivitetar innan området
Type initiativ som vi ønskjer å ha med
- Forskings- og utviklingsprosjekt
- Klyngjer, senter og interessegrupper
- Næringsliv
- Forvaltning som arbeider for berekraftig fôr
- Verkemiddelapparat som finansierer relevante prosjekt
Kriterium
- Ønskjer å delta i samfunnsoppdraget om berekraftig fôr
- Vilje og forankring ved at aktøren
- Stiller seg bak målet om meir berekraftig fôr
- Har dette forankra hos leiinga
- Faktisk bidrag på minst ein konkret måte, til dømes
- Utvikle, teste eller bruke meir berekraftige fôrråvarer
- Dele kunnskap, data eller erfaringar
- Bidreg gjennom samhandling, til dømes gjennom samarbeidsprosjekt eller klyngjer
- Gi løyve til at sekretariatet kan samle saman informasjon og formidle aktiviteten
Kva kan vi tilby
- Initiativet kan nytte logo i marknadsføring/presentasjonar og omtale seg som ein del av samfunnsoppdraget
- Vi registrerer initiativet og sender logo med høg oppløysing
- Vi rapporterer oversikta i årsrapporten frå samfunnsoppdraget

Bli ein del av samfunnsoppdraget
Bli eit godkjent initiativ og ta del i fellesskapen for berekraftig fôr.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juni 2026, kl. 14.51 CEST
Viktig informasjon
Til utlysningene med søknadsfrist 10. juni kl. 13.00 betjener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 mandag 1. juni til fredag 5. juni kl. 08.00–15.00, mandag 8. juni og tirsdag 9. juni kl. 08.00-15 og onsdag 10. juni kl. 08.00–13.00.