Spør KI-samtaleroboten vår

I møte med statsrådane: Kvar går vegen vidare for berekraftig fôr?

Tett dialog med politisk leiing er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i møte med styringsgruppa for samfunnsoppdraget om berekraftig fôr. På biletet, frå venstre: Nils Vagstad, Leif Kjetil Skjæveland, Marianne Sivertsen Næss, Tor Eirik Homme og Kristin Alnes. Bak står Kjell Emil Naas. (Foto: Nærings- og fiskeridepartementet)

I vinter og vår har styringsgruppa, på invitasjon frå statsrådane, hatt møte med både landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, for å diskutere oppfølginga av tilrådingane i samfunnsoppdraget. Møta gir eit viktig grunnlag for vidare politisk forankring og prioritering i begge sektorar.

Dei stadfestar alle at berekraftig fôr er høgt oppe på den politiske dagsordenen. At styringsgruppa blir invitert inn til samtalar med statsrådane, understrekar nettopp betydninga av arbeidet som blir gjort.

Invitasjon frå landbruks- og matministeren

I januar inviterte landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen styringsgruppa til møte i Landbruks- og matdepartementet. Saman med statsråd, statssekretær, departementsråd og annan leiing i departementet, vart det sett av god tid til ein grundig gjennomgang og diskusjon av dei foreslåtte tiltaka retta mot landbruket.

Frå styringsgruppa deltok Kari Ljøkjel, Erling Aas-Eng og Nils Vagstad. Dialogen var prega av stort engasjement og tydeleg interesse for korleis ambisjonane til samfunnsoppdraget kan følgjast opp i praksis. Blant temaa som vart diskuterte på møtet var vidare arbeid med regelverksutvikling, kornpolitikk og betre utnytting av kornareala i lys av utviklinga i husdyrproduksjonen, tiltak som kan stimulere til grovfôr med betre kvalitet og meir effektiv bruk av dei viktige grasressursane og klimatiltak i landbruket.

Landbruket er på mange måtar godt rigga for å jobbe vidare med desse måla, mellom anna gjennom etablerte organisatoriske strukturar og eit omfattande verkemiddelapparat. Samtidig var det ei felles forståing av at tydelege prioriteringar og godt samspel mellom næring og styresmakter er avgjerande for å lykkast. I forlenginga av møtet med statsråden vart det også gjennomført eit fagseminar for tilsette i Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet, der tilrådingane til samfunnsoppdraget vart presenterte og diskuterte i breiare kontekst.

Vidare dialog med fiskeri- og havministeren

Som ei oppfølging av dette arbeidet møtte samfunnsoppdraget også fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i slutten av april, igjen på invitasjon frå politisk leiing. Her stod tiltaka retta mot havbruksnæringa sentralt, og korleis desse kan bidra til å styrkje mattryggleiken og verdiskaping. Ministeren peika på at samfunnsoppdraget har vore viktig for å setje berekraftig fôr tydeleg på dagsorden, og understreka også at arbeidet med fôr er avgjerande for å styrkje Noregs strategiske handlingsrom.

I møtet vart det mellom anna diskutert korleis næringspolitikken kan bidra til å redusere marknadsrisiko og utløyse investeringar i nye råvarer, og dessutan korleis eksisterande verkemiddel kan vidareutviklast for å leggje betre til rette for auka produksjon i Noreg. Dette speglar også diskusjonane som nyleg vart løfta fram på Bærekraftig fôr-konferansen.

Styringsgruppa løfta fram behovet for å teste nye løysingar i større skala, mellom anna gjennom forskningstillatelser- eit verkemiddel det er brei semje om ute i industrien at er viktig for å få fart på oppskalering. I tillegg vart spørsmål knytte til ilandføringsplikt, mikroingrediensar og moglege tiltak for styrkt næringsberedskap drøfta.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. mai 2026, kl. 13.48 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.