Berekraftig fôr: no må tempoet opp
Skal Noreg nå måla for berekraftig fôr innan 2034, må fleire lovande løysingar bli til industri. I nye tilrådingar til regjeringa peikar styringsgruppa på fem grep som skal få opp tempoet og utnytte norske ressursar betre.

Det er vanskeleg å byggje ny norsk industri frå eit møterom. Derfor har vi i samfunnsoppdraget om berekraftig fôr i år brukt mykje tid på å reise rundt, besøkje aktørar, sjå fisken på nært hald frå merdkanten, stå midt i lageret med importerte soyabønner, og snakke med folk som utviklar råvarer, forskar, investerer, produserer og prøver å få nye løysingar opp i industriell skala.
Det vi har sett og høyrt, saman med analysar og anna kunnskapsgrunnlag, har lagt til grunn for tilrådingane i år. No er rapporten «Fra ambisjon til handling: Et takstskifte mot bærekraftig fôr» overlevert til regjeringa.
- Les rapporten «Fra ambisjon til handling: Et takstskifte mot bærekraftig fôr» (pdf)
- Løypemelding 20 tiltak (xlsx)
Det siste året har vi også fått sjå alvoret på nært hald. Råvarer vi tidlegare har rekna med, har vorte borte eller det har vorte vanskeleg å få tak i sentrale fôrråvarer.
Samfunnsoppdraget er derfor meir aktuelt enn nokon gong.
Bodskapen er tydeleg
Vi har mykje kunnskap, mykje god forsking, mange gode initiativ og store ressursar. Men vi må få opp tempoet, så vi klarer å nå måla for berekraftig fôr innan 2034.
Vi må utnytte dei store, tilgjengelege norske ressursane betre. Dette gjeld marint restråstoff, animalske biprodukt, industrielle sidestraumar, skogressursar, oppdrettsslam og overskudsvarme. Vi må konsentrere oss om desse.
I tillegg må vi intensivere innsatsen for nokre få fôrsatsingar med stort volum og berekraftspotensial, og ikkje minst ein realistisk veg til industriell produksjon. Satsingane bør så langt som mogleg knytast til eksisterande industri og industrielle symbiosar, slik at vi får utnytta kraft, overskotsvarme, sidestraumar og infrastruktur best mogleg.

Styringsgruppa peikar på desse fem grepa framover:
- Avklar eigarskap, finansiering og bruk av rammeverket for berekraft. Dette vil gjere det lettare å ta gode avgjerder, både for dei som kjøper inn fôret og for andre aktørar.
- Gjere prioritert råvarespor realiserbart: Her foreslår vi at vi lagar planar for følgjande råvarekategoriar: mikroorganismar/bioraffinering, animalske biprodukt og restråstoff, vegetabilske råvarer, lågtrufisk marin fangst og lågtrufisk marin kultur.
- Gi verkemiddelaktørane eit felles og forpliktande oppdrag – frå forsking og pilotering til investering og industriell oppskalering.
- Tilpasse forskingsløyvet for uttesting av nye fôrråvarer til fisk i industrielt relevant skala, og legg til rette for utvikling og fullskala dokumentasjon.
- Gi samfunnsoppdraget tydeleg mandat og ansvar på tvers av sektorar
Dette var også temaet då vi samla næringsliv, forsking, forvaltning og andre aktørar til seminaret «Frå ambisjon til industri – korleis byggjer vi ny norsk bioindustri? 25. november. Her la styringsgruppa fram tilrådingane i år og diskuterte kva som faktisk må til for å gå frå gode idear og pilotprosjekt til ein ny norsk industri.
Ola Nafstad frå Animalia/Framtidsfôr og Olav Fjeld Kraugerud frå Bellona/Råvareløftet – eit blågrønt fôrum – gav deretter refleksjonane sine over tilrådingane i år.
Korleis får vi opp tempoet?
Professor Ragnar Tveterås frå UiS snakka om tilgjengelege statlege verkemiddel for ein ny norsk fôrindustri, medan Leif Kjetil Skjæveland frå Skretting og styringsgruppa gav oss eit innblikk i kvifor det hastar.
I panelsamtalen vart dette belyst frå fleire sider. Thina Saltvedt frå Nordea, Hans Kleivdal frå NORCE, og Anders Witterup frå LO diskuterte korleis Noreg kan lykkast med overgangen frå ambisjon til industri. Samtalen vart leidd av Erling Aas-Eng frå styringsgruppa.
Seminaret vart dermed også ein realitetssjekk: Det held ikkje at råvarene finst eller at teknologien fungerer. Skal nye løysingar bli til industri, må også investeringar, risiko, energi, regelverk og ein marknad vere på plass.
No kan det ikkje lenger berre handle om fleire ambisjonar. Det må handle om gjennomføring. Vi må få til eit takskifte mot berekraftig fôr.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2026, kl. 11.52 CET