Spør KI-samtaleroboten vår

Møt oss på Arendalsveka: Likare konkurransevilkår når berekraft skal samanliknast

Korleis veit vi eigentleg kva som er berekraftig fôr? Og korleis kan vi samanlikne råvarer på ein måte som vy synest er rettferdig, truverdig, etterprøvbar og relevant, både for næring, styresmakter og marknader?

Dette er sentrale spørsmål når vi inviterer til seminar på Arendalsveka. Her ønskjer vi å diskutere kvifor vi må ha eit heilskapleg, nøytralt og enkelt rammeverk. Og kvifor blir ei felles forståing av berekraft blir stadig viktigare i møte med omstilling, krav frå marknaden og internasjonale rammevilkår.

Eit tydeleg behov, som vart stadfesta på berekraftig fôr-konferansen i mars

Bærekraftig fôr-konferansen i mars kom det tydeleg fram at manglande semje om kva som faktisk blir rekna som berekraftig fôr er einviktig barriere for framdrift.

Fleire aktørar – frå begge sektorane – peika på behovet for standardiserte livsløpsanalysar, tydelegare berekraftsrammeverk og betre kopling mellom norske vurderingar og internasjonale marknader og regelverk.

I dag finst det råvarer som i praksis kan bidra til auka berekraft, men som likevel ikkje blir tekne i bruk. Dette kan vere fordi dokumentasjonen er uklar, samanliknbarheten manglar, eller fordi marknad og regelverk trekkjer i ulike retningar. Dette skaper uvisse, både for produsentar, investorar og sluttledd.

Når berekraft blir eit konkurransespørsmål

I Arendal kjem vi særleg til å rette merksemda mot korleis krav til dokumentasjon, rapportering og berekraftsvurderingar kan slå ulikt ut for ulike råvarer og sektorar og korleis dette påverkar konkurransen.

Når samanlikningsgrunnlaget ikkje er likt, risikerer vi at gode løysingar taper i møte med mindre berekraftige alternativ som er enklare å dokumentere eller betre tilpassa eksisterande system.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. mai 2026, kl. 15.56 CEST

Stor pågang

I forbindelse med søknadsfristen 27. mai og overgangen til nytt søknadssystem, får vi nå mange henvendelser. Derfor kan det ta lenger tid enn vanlig før du får svar. Vi svarer deg så raskt vi kan. Det er lurt å lese gjennom informasjonen vår om det å søke i nytt søknadssystem før du tar kontakt med oss. Her står det mye nyttig.