Innstilling og vedtak av søknader

Her kan du lese om korleis vi kjem fram til kven som skal få støtte frå oss eller ikkje og om kva rolle høvesvis saksbehandlarane våre og porteføljestyra våre har i dette.

Detaljane om korleis vi behandlar akkurat din søknad, finn du i utlysinga du har søkt på. 

Dei fleste søknader blir vurderte av fagfellar/fagpersonar på tema og fagområde søknadene dreier seg om. Vi hentar fagfellar/fagpersonar frå nasjonalt og internasjonalt leiande forskings- og innovasjonsmiljø.

Har du søkt, vil du få svar på søknaden på innlogga område. I svarbrevet står det kva panel som eventuelt har vurdert søknaden din.

Vi lagar innstillinga

Saksbehandlarar i Forskingsrådet lagar innstillinga til porteføljestyret om tildeling, avslag og eventuell venteliste i samsvar med behandlingsprosedyren i den aktuelle utlysinga.

Dersom prosedyren omfattar ei administrativ vurdering, inngår denne saman med vurderinga til evaluatorar i grunnlaget for rangeringa. Saksbehandlar vurderer om søknaden oppfyller tematiske, faglege eller strukturelle føringar i utlysinga. Dette gjer vi berre dersom det er føringar om dette i den aktuelle utlysinga.

I utlysingane våre har vi prioriteringskriterium som vi bruker til å rangere søknadene. I prioriteringskriteria beskriv vi kva porteføljestyret ventar at dei finansierte prosjekta samla skal vere, oppnå eller bidra til. Korleis søknaden treffer på prioriteringskriteria blir kombinert med karakteren når vi lagar innstillinga.

Porteføljestyra gjer vedtaket

Porteføljestyret tek avgjerda om tildeling, avslag og eventuell venteliste. Dei sørgjer også for at behandlingsprosedyren frå utlysinga er følgd.

Handlingsrommet til porteføljestyret er definert av vedteken behandlingsprosedyre og av prioriteringskriteria. I nokre utlysingar gjer direktørar i Forskingsrådet vedtak på fullmakt frå det aktuelle porteføljestyret.

Vi legg ut møteprotokoll frå vedtaksmøta i porteføljestyremøta. Desse finn du på dei respektive porteføljesidene.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. november 2026, kl. 09.01 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.