Spør KI-samtaleroboten vår

Frå idé til prosjekt i offentleg sektor

Har de ein prosjektidé og lurer på om Forskingsrådet er noko for dykk? Vi har verktøya, kompetansen, finansieringa og nettverka du treng for å komme i gang.

Prosjektkanvas 

Passar ideen dykkar som grunnlag for eit innovasjonsprosjekt for offentleg sektor? Prosjektkanvas er eit verktøy som kan bidra med å finne styrkar og svakheiter med ideen deira og gi ei oversikt over prosjektet før eventuelle fagrådgivarar blir kontakta. Det kan hjelpe dykk til å utarbeide og vidareutvikle ideen til eit prosjekt, til å identifisere eventuelle manglar ved prosjektideen og til å presentere ideen til potensielle partnarar.

Rådgivarar over heile landet

Forskingsrådets regionsansvarlege bur og jobbar i regionane. Dei kjenner Forskingsrådets moglegheiter og fagpersonar godt, og har kjennskap til og dialog med næringslivsaktørar, forskingsmiljø, offentleg sektor og verkemiddelaktørane i regionen.

Du kan sende spørsmål til de regionansvarlige gjennom svartjenesten vår. Skriv inn hvilket fylke du bor i i skjemaet.

EU og Horisont Europa

Har du spørsmål om utlysingar frå EU og Horisont Europa?

Forskingsrådets nasjonale kontaktpunkt for EU kan svare på spørsmål og diskutere moglegheiter i europeiske utlysingar. Sjå kven som er nasjonale kontaktpunkt for dei ulike fagområda. Du kan også kontakte EU-nettverka Forskingsrådet støttar og som skal mobilisere til Horisont Europa.

Du kan sende spørsmål til Forskingsrådets eigne fagrådgivarar for EU-midlar gjennom svartjenesten vår. Vel skjema for Horisont Europa og vel kva NCP du vil ha kontakt med.

Samarbeid utanfor Europa?

Forskingsrådet har eigne land- og regionskontaktar som kan svare på spørsmål og diskutere moglegheitene for forskings- og innovasjonssamarbeid i land utanfor Europa. Sjå: Samarbeid utanfor EU/EØS.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. mars 2026, kl. 04.27 CEST

Viktig varsel

Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.