Spør KI-samtaleroboten vår
Bilde som er satt sammen av to bilder av blå flagg med gule stjerner i sirkel. EU parlamentet, en høy blokk i stål og glass, er i bakgrunnen
Kurs

A.9 Innføring i kunnskapsvalorisering (webinar)

Passer for:

Nybyrjarar i Horisont Europa – forskarar, rådgivarar og andre som søkjer grunnleggjande innsikt i programmet og finansieringssystemet. Nivå 1 (nybyrjar). Kursa er ikkje opne for private konsulentar/ konsulentselskap som gir råd i spørsmål knytte til Horisont Europa

Pris:

Kurset er gratis.

Påmeldingsfrist:

3. nov. kl. 15.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

På dette kurset lærer du korleis forskings- og innovasjonsprosjekt i Horisont Europa kan skape større verdi for samfunnet. Vi viser korleis du kan bruke resultat frå prosjekta slik at dei får samfunnsmessig, politisk, økonomisk eller miljømessig betydning, og ikkje berre bidreg til ny kunnskap.

  • Vi presenterer ulike måtar du kan gjere dette på.
  • Vi forklarer deg korleis du kan samarbeide med både offentlege og private aktørar for å skape meir samfunnsnytte.
  • Du får sjå døme på korleis dette har vorte gjort i andre prosjekt. 

---

Forskingsrådet tilbyr ei strukturert kursrekkje for søkjarar til Horisont Europa. Kursa er organiserte etter tema, prosjektrolle og erfaringsnivå. 

Introduksjonskursa (serie A og E) passar for alle roller, medan serie B, C og D er tilpassa spesifikke roller i eit prosjekt. 

A. Introduksjon til Horisont Europa 

Kursa i A-serien passar for nybyrjarar i Horisont Europa – forskarar, rådgivarar og andre som søkjer grunnleggjande innsikt i programmet og finansieringssystemet. . 

Du finn ei beskriving av alle kursa på nettsida vår.

A.1 Introduksjon til Horisont Europa
A.2 Finne samarbeidspartnarar og konsortier
A.3 Evaluering av søknader til Horisont Europa
A.4 Open forsking og handtering av forskingsdata 
A.5 Brukarmedverknad, open innovasjon og folkeforsking  
A.6 Integrere samfunnsvitskap, tverrfaglegheit og kjønnsperspektiv i Horisont Europa-søknader
A.7 Etiske spørsmål, personvern (GDPR) og datatryggleik i Horisont Europa
A.9 Innføring i kunnskapsvalorisering

  

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. juni 2026, kl. 15.00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.