
Nytt frå Indikatorrapporten: ny FoU-statistikk for 2023
- Passer for:
Alle med interesse for FoU-statistikk
- Pris:
Gratis
Om arrangementet
Er du interessert i korleis det norske forskingssystemet ser ut?
I Indikatorrapporten (forskningsradet.no) får du statistikken forklart. Rapporten er den viktigaste enkeltkjelda for å forstå det norske forskings- og innovasjonssystemet. No presenterer me nye tal som viser kor mykje pengar som vart brukte på forsking og utvikling i Noreg fram til og med 2023.
I dette webinaret presenterer forfattarane frå SSB nokre av høgdepunkta frå første del av Indikatorrapporten 2025. Webinaret presenterer status og utviklingstrekk for norsk FoU-innsats. Hovudvekt er på FoU-utgifter og aktiviteten i dei utførande sektorane.
Sjølve raporten blir lansert i november og under dette webinaret får du ein forsmak frå første del av rapporten.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. juni 2026, kl. 20.22 CEST
Viktig informasjon
Til utlysningene med søknadsfrist 10. juni kl. 13.00 betjener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 mandag 1. juni til fredag 5. juni kl. 08.00–15.00, mandag 8. juni og tirsdag 9. juni kl. 08.00-15 og onsdag 10. juni kl. 08.00–13.00.