Annet

Informasjonsmøte om utlysing av 104 millionar kroner til kunnskapsløft i kommunale helse- og omsorgstenester

Passer for:

Passer for: forskere, frivillig sektor, kommunal og fylkeskommunal ledelse, ansatte i helse- og omsorgstjenestene

Påmeldingsfrist:

12. februar, kl 08:00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

15. feb kl 09:00 – 10:00

Om arrangementet

Forskingsrådet og KS inviterer til digitalt informasjonsmøte om utlysinga av 104 millionar kroner til forsking og innovasjon for å styrkje berekrafta i kommunale helse- og omsorgstenester i 2024. Dette er ei av dei viktigaste nye forskingspolitiske satsingane i statsbudsjettet for 2024.  

Satsinga blir koordinert saman med KS og arbeidd med å etablere Kommunenes strategiske forskingsorgan (KSF). KSF byggjer på samarbeid mellom kommunar og forskingsmiljø for å samordne kunnskapsbehovet til kommunane, utvikle meir kommunerelevant forsking, og styrkje spreiing og bruk av ny kunnskap i kommunane.  Les meir om KSF her.

På dette møtet får du mellom anna høre fra:

  • Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel
  • Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol
  • Områdedirektør for innovasjon i næringsliv og offentleg sektor i Forskingsrådet, Anne Kjersti Fahlvik
  • Direktør for forsking, innovasjon og digitalisering i KS, Kristin Weidemann Wieland
  • Avdelingsdirektør for helse og offentleg sektor i Forskingsrådet, Ole Johan Borge
  • Avdelingsdirektør for innsikt og innovasjon i KS, Monica Fossnes Petterson

Litt om utlysningen

Kommunane står ovanfor store og komplekse utfordringar og omstillingsbehov. Demografiutviklinga, aukande utanforskap og stram kommuneøkonomi set kommunale helse- og omsorgstenester under press. Både kompetanse og kapasitet blir utfordra i kommunane. Det er avgjerande at avgjerder som blir tekne er kunnskapsbaserte og at nye tiltak er treffsikre. Forsking og innovasjon speler ei viktig rolle i å utvikle relevant kunnskap som grunnlag for eit berekraftig velferdssamfunn framover.  

Med utgangspunkt i behovet til kommunane for kunnskap og nye løysingar, kan kommunar og forskingsorganisasjonar søkje midlar til forsking og innovasjon i, for og med dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Prosjekta må bli gjennomførte i likeverdig og forpliktande samarbeid mellom fleire kommunar og minst éin forskingsorganisasjon. 

For å sikre berekraftige helse- og omsorgstenester i alle kommunane i landet er det naudsynt med ei stor breidd av kunnskap, betre løysingar og innovasjon.

Fleire av ressursane i samfunnet må mobiliserast og nyttast på nye måtar for å førebyggje lidingar og avlaste helsepersonell. Det er behov for å utvikle tverrfaglege, samanhengande tenester og nye, personellsparande løysingar, som har god effekt for brukarane og pårørande. Tenestene må henge saman både i og mellom kommunar, mellom kommunar og spesialisthelseteneste, i offentleg-private samspel og med tenestemottakarar, pårørande, ideelle og frivillige. Det er særleg behov for å vareta den raskt veksande gruppa av eldre, flyktningar med helseutfordringar, personar med psykiske utfordringar og rusproblem og personar med behov for oppfølging. 

Vidare er det behov for kunnskapsbaserte tiltak som fremjar inkludering og reduserer utanforskap, spesielt blant barn og unge. Til grunn for nye løysingar trengst samfunnsøkonomiske og andre kost-nytte-analysar og kunnskap om organisering, leiing og endringsprosessar i kommunane. 

Behova er identifiserte av Kommunesektorens organisasjon(KS) gjennom dialog med representantar frå ei rekkje ulike kommunar. Endeleg utlysingstekst blir publisert i mars med søknadsfrist i september 2024. Prosjekta kan starte opp i byrjinga av 2025.

Geir Aas

    Mobilisering og kommunikasjon

Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. februar 2024, 22:59 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 6. mars betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 kvardagene frå torsdag 29. februar til tysdag 5. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 6. mars kl. 08.00–13.00.