Bildet er en kombinasjon av to bilder, en blanding av en ki-generert illustrasjon av en kunstig hjerne og flere barn som lener seg konsentrert over ett bord i klasserommet.
Møte

KI-senter: Møteplass for søkjarar

Hvor:

Forskingsrådets lokaler, Drammensveien 288, Lysaker

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

20. august kl. 14:00

Om arrangementet

Forskingsrådet inviterer til møteplassar, slik at aktuelle søkjarar og partnarar kan vidareutvikle skisser (senterforslag) og finne saman i gode konsortium. 

Innan møtet 27.-28 aug. skal alle innsende skisser ha fått tilbakemelding og tips/råd om eventuelle forbetringar. Ut frå dei 122 skissene skal det etablerast fire til seks KI-senter. Det er eit stort spenn i skissene med alt frå forskingskonsortium som er nesten ferdig utvikla til skisser på idéstadiet med senter-potensial, eller som eit case i eit KI-senter. 

Mange blir rådde til å inngå meir samarbeid med andre relevante forskingsinstitusjonar eller andre relevante aktørar. Andre bør gå saman med ein eller fleire KI-senterskisser.

Denne møteplassen er eit godt høve til å finne samarbeidspartnarar og starte arbeidet med hovudsøknaden.

Målgruppa for møtet er

  • Representantar for KI-senterinitiativ som søkjer etter partnarar eller alliansar.
  • Forskarar med ønske om å samarbeide i konkrete senter-initiativ.
  • Representantar for industri/offentleg sektor som vurderer samarbeid med ein eller fleire kandidatar til KI-senter. 

Begge dagane blir todelte. Ein del med munnlege lyn-framføringar ("pitch") i plenum før lunsj og matchmaking etter lunsj. 

Om pitch

  • Pitchane blir strøymde og lagra.
  • Du som framfører må vere fysisk til stades. Det blir ikkje høve til å vise power point. Det er plass til ca. 10 pitchar i kvar bolk. Du som skal presentere står klar i rekkjefølgje på podiet.
  • Du får snakke i 2 minutt (på norsk eller engelsk) og gir så mikrofonen til neste i rekkja. Ein tilretteleggjar passar tida. 

Det kan vere nyttig å ta med ein presentasjon på ei side (eit papirark), som du kan dele ut til dei som deltek. Bruk gjerne same mal og struktur som pitchen. 

Koplingsdelen/Matchmaking blir friare og krev at du er fysisk til stades.

Pitche-presentasjonane skal ha følgjande form

  • Førebu ei framføring på to minutt. Du når flest om du gjer det på engelsk.
  • Fortel først kva du heiter og kva institusjon du kjem frå.
  • Oppgi tittel på KI-senteret og gi ein kort introduksjon til fagområde og motivasjon for senteret.
  • Fortel om kvifor du deltek på møteplassen. Kva ser du etter? (partnarar frå andre område eller institusjonar? Andre typar samarbeid?)
  • Sei også gjerne noko om forventningane du har til dagen. Din motivasjon for å delta.

Om matchmaking

Vi brukar ein uformell "World Cafe"-modell der kvar pitchar får eit bord som alle kan besøkje. Deltakarane går fritt rundt frå bord til bord. For å sikre flyt blir sesjonane delte opp i 15 minutts-bolkar. Når bjølla ringjer, går du vidare til neste bord. 

Matchmaking-sesjonen har relativt romsleg med tid, slik at det skal vere opning for uformelle møte med andre deltakarar, eller ein prat med oss frå administrasjonen i Forskingsrådet som er til stades.

Lenke for å følgje møtet digitalt

Program

Kontakt oss

Forskningsrådets KI-satsing

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. oktober 2024, kl. 20.03 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.