Spør KI-samtaleroboten vår
Illustrasjon som beskriver velferd kultur og samfunn
Webinar

Innspelsmøte om porteføljeplan for velferd og utdanning

Passer for:

Forskingsinstitusjonar, offentleg sektor, aktørar i sivilsamfunn og næringsliv

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

Måndag 16. desember kl. 16.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Vi fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar.

Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for velferd og utdanning. 

Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg. 

I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.

Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Vi legg ut utkast til plan om lag ei veke før møtet byrjar.

Planen blir lagt fram for Forskingsrådets styre 6.2.25.

Les på nettsida vår om Portefølje for velferd og utdanning.

 

Kontakt

Siri H. Hollekim Haaland

    Velferd og utdanning

Kari Tonhild Aune

    Velferd og utdanning

Tor Lunde Larsen

    Velferd og utdanning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. desember 2024, kl. 17.51 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.