background
Webinar

Innspelsmøte om porteføljeplan for mogleggjerande teknologiar

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

Torsdag 17. oktober 2024 kl. 15:00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

18. okt. kl. 11.00–13.00

Om arrangementet

Vi fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar.

Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for mogleggjerande teknologi. 

Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg. 

I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, Regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt. 

Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Vi legger ut eit utkast til plan i forkant av møtet 18.10.24. 

Vi vil legge fram planen for Forskingsrådets styre 05.12.24.

Les på nettsida vår om Portefølje for mogleggjerande tekologiar.

Kontakt

Hilde Erlandsen

    Muliggjørende teknologier

Meldinger ved utskriftstidspunkt 9. oktober 2024, kl. 03.48 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.