Møte

Open digital kafé: Mange moglegheiter for samfunnsvitarar og humaniora-forskarar i heile Horisont Europa

Passer for:

Forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i tverrfagleg samarbeid.

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

13. september kl 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

13. sep. 2023 kl. 09:00–10:00

Om arrangementet

Velkommen til ein Open digital kafé om tverrfaglegheit i Horisont Europa. Rachel Tiller, sjefsforskar frå SINTEF Ocean er gjest. Ho er statsvitar og leier eit prosjekt i klyngje 6 (Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø) i Horisont Europa.

Tiller vil dele erfaringane sine med å vere samfunnsvitskapleg forskar i dei meir "naturtunge" delane av Horisont Europa. I heile Horisont Europa er det krav om å integrere samfunnsvitskap og humaniora for å takle dei store samfunnsutfordringane. 

Vi legg opp til ein uformell dialog med god tid til spørsmål og til å dele erfaringar.

Vi håpar å treffe både forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i tverrfagleg samarbeid. Arrangementet er eit samarbeid mellom: Klyngje 6 (Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø) Klyngje 2 (Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn). 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. mai 2024, kl. 20:28 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.