Annet

MSCA Staff Exchanges (SE) – Webinar om tilsette-mobilitet innan forskings- og innovasjonsprosjekt

Passer for:

Målgruppa er internasjonale konsortium som kan vere sett samen av universitet, institutt, næringslivsinstitusjonar, små- og mellomstore verksemder og andre ikkje-akademiske institusjonar.

Digitalt:

Arrangementet strømmes og opptak blir tilgjengelig

28. nov. 2023 kl. 14:00–15:30

Om arrangementet

Målet med Marie Skłodowska-Curie Actions Staff Exchanges er å utvikle berekraftige forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom utveksling av tilsette.

Se presentasjonene fra webinaret:

The Research Executive Agency (REA) ved Aleksandra Schoetz-Sobczak vil halde eit innlegg om utlysinga, og professor Jorge Mario Marchetti ved NMBU presenterer erfaringar frå staff exchange-prosjektet "UNPRECEDENTED ".

Sjølve utlysinga har søknadsfrist 28. februar 2024.

Det er fleire årsaker til at det er fint å kjenne til denne ordninga:

  • Innvilgingsprosenten pleier å vere bra, opp til 25 prosent
  • Staff Exchanges er heilt tematisk open og bottom-up, og dreier seg i hovudsak om sjølve mobiliteten
  • Mangfaldet i prosjekta er stor, og alle fagområde er velkomne

Staff Exchanges er ei fin moglegheit til å kunne byggje nettverk og utveksle kunnskap over sektor- og landegrenser. Noko som kan førebu grunnen for vidare, eller nye samarbeid innan forsking og innovasjon. Ordninga er ikkje berre avgrensa til Europa.

For å lese heile utlysinga (marie-sklodowska-curie-actions.ec.europa.eu/)

Utlysinga har opna og du finn den her i Funding & Tenders portal (ec.europa.eu)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. mai 2024, kl. 05:08 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.