Spør KI-samtaleroboten vår
Illustraskjonsbilde med byging med grafitti der det står the future is europe
Møte

Open digital kafé: Horisont Europa – klyngje 5: Klima, energi og mobilitet

Passer for:

Forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i Horisont Europa

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

13. desember kl. 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Bli med på open digital kafé for klyngje 5 i Horisont Europa! Den overordna drivaren for klyngje 5: klima, energi og mobilitet, er å akselerere den grøne og digitale omstillinga, og tilhøyrande transformasjon av økonomi, industri og samfunn for å oppnå klimanøytralitet i Europa innan 2050.

Klyngje 5 i Horisont Europa har oppdraget å skape moglegheiter og løysingar for denne transformasjonen. Aktivitetane i klyngje 5 skal bidra til kunnskap for å betre forstå årsakene, utviklinga, risikoane, verknadene og moglegheitene. Dei skal også bidra ved å gjere energi- og transportsektorane meir klima- og miljøvennlege, meir effektive og konkurransedyktige, smartare, tryggare og meir robuste.

Les meir og finn arbeidsprogram for klyngja

Vi ønskjer alle aktørar som er interesserte i å utarbeide prosjektforslag til denne klyngja velkommen. Andre personar som berre er nysgjerrige på moglegheitene i klyngje 5 er også velkomne.

Det vil vere spesielt fokus på prosjektforslag som skal sendast inn retta mot Horisont Europa klyngje 5.

Vi inviterer personar som allereie deltek i EU-prosjekt og som evaluatorer til å dele erfaringane sine.

Vi ønskjer ein uformell dialog og har derfor ingen dagsorden. Formålet er å skape ein arena der deltakarane er villige til å dele spørsmål, utfordringar, idear og diskutere dei i fellesskap. Innhaldet i den opne kafeen er dermed drive av deltakarane.

Finn kontaktinformasjon til NCP-teamet som jobbar med klyngje 5. 

Kontakt

Ingunn Borlaug Lid

    Klima og miljø

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 10.58 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.