Møte

Åpen digital kafé: Horisont Europa – klynge 5: Klima, energi og mobilitet

Passer for:

Forskere, bedrifter, offentlig sektor, interesseorganisasjoner, prosjektkoordinatorer, søkere, alle som er interessert i klynge 5.

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

12. oktober kl 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

13. okt. 2023 kl. 09.00–09.50

Om arrangementet

Bli med på open digital kafé for klynge 5 i Horisont Europa!

Den overordna drivaren for klynge 5: "Klima, energi og mobilitet", er å akselerere den grøne og digitale omstillinga, og den tilhøyrande transformasjonen av økonomi, industri og samfunn. Dette for å oppnå klimanøytralitet i Europa innan 2050.

Klynge 5 i Horisont Europa skal skape moglegheiter og løysingar for denne transformasjonen. Aktivitetane skal bidra til kunnskap for betre å forstå årsakane, utviklinga, risikoane, verknadene og moglegheitene. Dei skal også bidra til å gjere energi- og transportsektorane meir klima- og miljøvennlege, meir effektive og konkurransedyktige, smartare, tryggare og meir robuste.

Meir informasjon og arbeidsprogram for denne klynga finn du på EUs nettsider. 
Vi ønskjer alle aktørar som er interesserte i å utarbeide prosjektforslag til denne klynga velkomne. Andre personar som berre er nysgjerrige på moglegheitene i klynge 5, er også velkomne. Det vil vere søkelys på prosjektforslag som skal sendast inn retta mot Horisont Europa klynge 5. Vi inviterer personar som allereie deltek i EU-prosjekt og som evaluatorer til å dele erfaringane sine.

Agenda

Vi ønskjer ein uformell dialog og har derfor ingen dagsorden. Formålet er å skape ein arena der deltakarane er villige til å dele spørsmål, utfordringar, idear og diskutere dei i fellesskap. Innhaldet i den opne kafeen er difor dei tema som deltakarne tek opp.

Finn kontaktinformasjon til NCP-teamet (nasjonale kontaktpersonar for Horisont Europa) som jobbar med klynge 5. 

Kontaktperson

Oda Bjelland Mathiassen

    SeniorrådgiverInternasjonalt samarbeid

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. mai 2024, kl. 01:03 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.