Spør KI-samtaleroboten vår

Evaluering av matematikk, IKT og teknologi

Forskingsrådet evaluerer norsk forsking og høgare utdanning for å fremje kvalitet, relevans og effektivitet i forskinga.

Sidan 2023 har vi gjennomført ei evaluering, og den 7. april 2025 publiserte vi den nasjonale rapporten frå evalueringa.

Evalueringa har som mål å undersøke korleis norsk matematisk, IKT og teknologisk forsking held mål, kva slags vilkår forskinga har, og kor relevant ho er for viktige samfunnsområde.

Fagevalueringa er gjort på tre nivå. 

  • Først vart 248 forskargrupper evaluerte i 15 internasjonale ekspertpanel inndelte etter fag/disiplin og på tvers av sektorar (mars–mai 2024).
  • Deretter vart dei administrative einingane i forskargruppene (56 innmelde einingar), som er hovudevalueringsobjektet i EVALMIT, evaluert i fem sektorspesifikke evalueringskomitear (april–desember 2024). 
  • 7 internasjonale eksperter inkludert leiarane for dei fem evalueringskomiteane danna til slutt ein nasjonal komité som utarbeidde den nasjonale EVALMIT-rapporten (desember 2024-februar 2025).

Vegen vidare

Forskingsrådet vil nytte vurderingane til evalueringa og tilrådingar i utviklinga av finansieringsverkemidla og i rådgiving overfor departementa.

Oppfølging av evalueringa 

Evalueringa gir også råd til institusjonane om korleis dei kan betre kvaliteten på forskinga. Kvar enkelt institusjon vil ha ansvar for å følgje opp tilrådingane som gjeld eigen institusjon.  

Evalueringsrapporter for administrative enheter

Her finnar de evalueringsrapportar for dei deltakande administrative einingane.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. juni 2025, kl. 18.07 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.