SirkTRE: Ei sirkulær verdikjede for tre i praksis
Korleis 30 aktørar, forsking og teknologi snur treavfall til klimavennleg verdiskaping i heile Noreg.
I ei tid der klimakrisa krev raske og radikale grep, har SirkTRE etablert seg som eit leiande døme på korleis forsking, innovasjon og industri kan gå saman for å skape reell endring.
Prosjektet er Noregs største Grøn plattform-satsing til dags dato, med eit budsjett på 181 millionar kroner og meir enn 30 samarbeidspartnarar frå heile verdikjeda for tre.
Målet til SirkTRE er ikkje berre å redusere utslepp og avfall, men å byggje ny industriell kapasitet i Noreg. Innan 2030 skal éin million kubikkmeter treavfall få nytt liv og bidra til ei tidobling i verdiskaping samanlikna med forbrenning. Det kan redusere Noregs CO₂-utslepp med heile 8 prosent.
Kunnskapsbasert grøn verdiskaping
SirkTRE viser korleis forsking kan omsetjast i praksis og korleis offentleg støtte gjennom Forskingsrådet skaper både innovasjon og samfunnseffekt. Med dette prosjektet styrkjer vi norsk treindustri og byggjenæring, bidreg til å nå EUs miljømål og byggjer opp under FNs berekraftsmål 8, 9, 11, 12, 13, 15 og 17.
– Å brenne brukbart trevirke er å kaste bort ressursar. Gjennom SirkTRE skaper vi nye arbeidsplassar, ny industri og reelle klimakutt, samtidig som vi viser at sirkularitet og lønnsemd kan gå hand i hand, seier prosjektleiar Kristine Nore i Omtre AS.
SirkTRE byggjer ei heilsirkulær verdikjede for tre, der brukt trevirke – som i dag i hovudsak blir brent – i staden blir henta tilbake til marknaden som råstoff i ny produksjon. For å få dette til, samlar forskarane i prosjektet aktørar frå skognæringa, avfallsbransjen, byggjenæringa, forskingsmiljø og teknologiselskap. Dei jobbar saman om å utvikle teknologi, byggje marknad, etablere standardar og skape nye, konkrete produkt og løysingar, frå fingerskøytet konstruksjonsvirke til massive veggelement og gjenbrukbare innerveggar.
Frå teori til praksis: konkrete løysingar på plass
Ved sorteringsanlegg i regi av Ragn-Sells viser analysar at over 50 prosent av det innkomne returtreet er av god nok kvalitet til gjenbruk. Samtidig gjer ein testing med fingerskøyting for å gjere kortreist og brukt trevirke tilgjengeleg som konstruksjonsmateriale i byggjeprosjekt.
Norsk Massivtre har utvikla massive veggelement med bruk av returtre, og i Oslo er det etablert eit nasjonalt ressurssenter – Ombygg – som fungerer som eit fysisk lager og marknadsplass for brukte byggjevarer.
Forskarane i prosjektet jobbar også digitalt: I samarbeid med NTNU og Omtre utviklar dei digitale tvillingar av bygningar som skal rivast. Dette gjer det mogleg å kartleggje kva slags komponentar og materiale som kan brukast om att før demontering. Dette handlar ikkje berre om teknologi, men om å endre tankesettet i heile byggjenæringa frå "riv og kast" til "demonter og bruk på nytt".
Forskinga legg grunnlaget: CircWOOD
Parallelt med dei industrielle prosjekta går forskingsprosjektet CircWOOD føre seg, leidd av NIBIO ved forskingssjef Lone Ross. Her blir heile livsløpet til tre analysert, frå ressursgrunnlaget i skogen til gjenbruk og resirkulering i ny produksjon.
Forskinga gir innsikt i miljøeffektar, materialstraumar, design for ombruk og politikkutforming. Dette gir godt grunnlag for å ta avgjerder om standardisering, nye forretningsmodellar og reguleringar som kan gjere gjenbruk like sjølvsagt som resirkulering av flasker og boksar er i dag.
– Ein svært viktig del av CircWOOD er utdanninga av fire ph.d.-kandidatar innanfor ulike retningar. Vi må byggje kompetanse om sirkulær bruk av tre og utdanne morgondagens forskarar for å kunne bidra til endra ressursbruk i byggjebransjen, seier Nore.
Frå idé til handling: konkrete løysingar
Det er allereie levert ei rekkje resultat:
- ny teknologi for fingerskøyting av korte treemne frå returstraumar
- massivtreelement og veggsystem i ombrukstre, brukte i faktiske byggjeprosjekt
- Noregs største lager for brukte byggjemateriale, etablert i Oslo
- pilotprosjekter med demontering og sirkulær materialflyt i staden for riving og avfallsproduksjon
- standardar om evaluering av returtre for konstruktiv bruk: tre allereie lanserte og to undervegs
Som ein del av prosjektet er det også utvikla SirkTREs byggvitreglar. Dette er sirkulære prinsipp for framtidas byggjenæring, med søkjelys på betre forståing for bruk av ressursane, at delar kan demonterast og ny bruk før ny produksjon.
– Eg opplever stor interesse for løysingane vi har starta å teste. Det gir håp. Og når vi får forsking og industri til å trekkje i same retning, skjer det faktisk endring, seier Nore.
Resultat og ringverknader
SirkTRE-prosjektet er snart avslutta og resultata så langt er tydelege: Teknologi er utvikla, standardar er på veg og fleire bedrifter har allereie skapt nye produkt og tenester basert på returtre.
Mykje treavfall er allereie omgjorde til nye materiale. Innan 2030 er ambisjonen éin million kubikkmeter årleg, noko som kan gi opptil 3 millionar tonn CO₂-reduksjon i året. Samtidig veks det fram ein ny marknad for sirkulære treprodukt, noko som kan gi auka verdiskaping i distrikta og styrkt konkurransekraft for norsk industri.
– På mange måtar ønskjer vi å skape eit pantesystem for trevirke, seier Nore.
– Når vi klarer å få både verdikjeda og styresmaktene med oss, blir det enklare, billigare og meir naturleg å velje brukt framfor nytt.
Dette er berre byrjinga. Med SirkTRE er grunnlaget lagt for ein sirkulær revolusjon i norsk byggjenæring og for ein heilt ny måte å tenkje ressursar, verdikjeder og berekraft på.
Grøn plattform er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet.
Fakta om SirkTRE
- Støtta av: Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva
- Totalbudsjett: 181 millionar kroner, cirka 100 millionar frå Forskingsrådet
- Deltakarar: Rundt 30 partnarar, over 2500 tilsette representerte
- Prosjektperiode: SirkTRE 2021–2025, CircWOOD 2022–2026
- Ambisjon: Gjenbruke 1 million m³ treavfall årleg innan 2030
- Klimamål: Årleg reduksjon på 3 millionar tonn CO₂
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. oktober 2025, kl. 13.05 CEST