Har verksemda di ei utfordring ho ikkje har løysinga på?

Korleis kan ambulansepersonell bruke mindre tid på journalføring, gamle bygg blir reparerte med hjelp av 3D-printa delar og brannvesenet sleppe unødige utrykkingar? No kan offentlege verksemder få støtte til å undersøkje om marknaden kan bidra med nye løysingar på utfordringar dei ikkje får løyst godt nok i dag.

Foto er tatt og redigert av Cathrine Nedberg og Margit Aarø som også er ambulansemedarbeidarar.

Offentlege verksemder møter på mange ulike utfordringar der svaret ikkje nødvendigvis finst frå før. Det kan vere arbeidsprosessar som tek for mykje tid, ressursar som ikkje blir godt nok utnytta eller tenester som ikkje fungerer så godt som dei burde.

Fellesnemnaren er at verksemda har eit behov, men ikkje nødvendigvis veit kva løysinga på behovet er.

Gjennom Forskingsrådets ordning for innovative offentlege anskaffingar kan offentlege verksemder få støtte til å undersøkje behovet, involvere brukarane og gå i dialog med marknaden før dei bestemmer seg for vegen vidare.

– Breidda i prosjekta viser at innovative offentlege anskaffingar kan brukast på svært ulike utfordringar. Det viktige er ikkje å komme til oss med ei ferdig løysing, men med eit reelt behov som dagens løysingar ikkje dekkjer godt nok, seier Tine Thorbjørnsen i Forskingsrådet.

Svært ulike problem med same utgangspunkt

Prosjekta som allereie har fått støtte, spenner vidt.

I ambulansetenesta i Vestre Viken undersøkjer dei om tale-til-tekst kan redusere tida ambulansepersonell bruker på journalføring og slik frigjere meir tid til pasientane.

Statsbygg ser på om mellom anna 3D-print kan gjere det mogleg å produsere reservedelar til bygg lokalt og ved behov, framfor å skifte ut meir enn nødvendig når delar ikkje lenger er i produksjon.

I Vestfold vil Vesar få meir ut av matavfallet. Rundt 16 000 tonn matavfall frå hushalda blir kvart år til biogass og biogjødsel. No undersøkjer dei om offentlege innkjøp kan bidra til å kople fleire ledd saman, slik at ressursane i matavfallet kan inngå i produksjonen av ny, lokal mat.

– Vi ønskjer å gå frå å kjøpe behandling av matavfall til å etterspørje ei heil sirkulær verdikjede, der matavfallet frå Vestfold blir til ny mat i Vestfold. Skal vi få fart på den sirkulære bioøkonomien, må det lønne seg å halde ressursane i krinsløp. Offentlege innkjøp kan gi den dytten som trengst, seier Andreas Gillund, dagleg leiar i Vesar.

Innovasjon er ikkje nødvendigvis ny teknologi

Døma viser også at ei ny løysing ikkje treng å vere ei heilt ny oppfinning.

Tale-til-tekst finst allereie, men løysingane er ikkje utvikla for arbeidsforholda i ein ambulanse. Teknologien for additiv tilverking (3D-utskrift) finst allereie. Men det må avklarast korleis han kan brukast i det vanlege vedlikehaldet av offentlege bygg.

På Rygg Miljøpark undersøkjer Vesar korleis mellom anna biogass og pyrolyse kan koplast saman slik at biologiske ressursar som i dag ikkje blir godt nok utnytta, kan bli til nye råvarer og energi. Teknologien finst allereie i ulik grad. Det nye kan vere å få teknologiar, aktørar og marknader til å fungere saman.

Ei innovativ løysing kan dermed handle om teknologi, men også om arbeidsprosessar, samarbeid, forretningsmodellar eller korleis ei offentleg verksemd kjøper varer og tenester.

– Vi må opne opp rommet for kva løysingar vi kan sjå for oss, men også for korleis det offentlege innrettar sine eigne tenester, arbeidsprosessar og rutinar, seier Harald Aas, innovasjonspådrivar i Leverandørutviklingsprogrammet (LUP).

Oversiktsbilde over et stort industriområde med mange bygg og grønn natur rundt.
På Rygg Miljøpark undersøkjer Vesar korleis biogass og pyrolyse kan koplast saman slik at biologiske ressursar som i dag ikkje blir godt nok utnytta, kan bli til nye råvarer og energi. (Foto: Rygg Miljøpark)

Start med problemet, ikkje løysinga

Eit viktig prinsipp i innovative offentlege anskaffingar er derfor å beskrive problemet som skal løysast, framfor å bestemme løysinga på førehand.

Tidleg dialog med marknaden kan vise at ei løysing allereie finst utan at verksemda kjenner til ho. Dialogen kan også avdekkje at noko må utviklast eller kombinerast på ein ny måte.

– Når vi ber marknaden om hjelp til å lage ei løysing, er det fordi vi ikkje har kompetanse, kapasitet eller teknologi til å gjere det sjølv. Om du kjenner problemet godt, kan det vere vanskeleg å sjå andre måtar å løyse det på. La derfor leverandørane komme med ideane sine til løysingar, seier Magne Hareide i DFØ.

Forprosjektet gir verksemda høve til å gjere nettopp denne jobben: forstå behovet betre, involvere dei som blir ramma, undersøkje marknaden og vurdere om ei innovativ anskaffing er den rette vegen å gå.

I ambulanseprosjektet betyr det til dømes at ambulansepersonell sjølv deltek i arbeidet med å kartleggje behova. Vesar kan samle aktørar som vanlegvis ikkje samarbeid, og slik undersøkje økonomi, risiko og etterspurnad i heile verdikjeda.

Det viktige er å undersøkje godt før ein bestemmer seg for løysing. 

Når fleire har det same problemet

Ei utfordring treng heller ikkje vere unik for verksemda som søkjer. Potensialet kan vere særleg stort når fleire offentlege verksemder har den same utfordringa.

Unødige automatiske brannalarmar er eitt døme. Dei bind beredskapsressursar og skaper belastning for både 110-sentralar, brannvesen, byggeigarar og brukarar. Eit forprosjekt skal no undersøkje korleis talet på unødige alarmar kan reduserast utan at det går på kostnad av branntryggleiken.

– Viss ein alarm går ofte utan at det brenn, er det ein fare for at menneske etter kvart tek alarmen mindre alvorleg. Derfor handlar dette ikkje berre om økonomi og ressursbruk. Det handlar aller mest om branntryggleik, seier Fredrik Håland Johansen, branninspektør i Vestfold Interkommunale Brannvesen IKS.

Også løysingar som blir utvikla på andre område, kan få verdi langt utover verksemda som først tok initiativet.

– Ideelt sett er det ei utfordring som omfattar fleire. Då vil investeringa i éi innovativ anskaffing gi effekt for mange med tilsvarande behov, seier Aas.

Små cherrytomater i et drivhus, noen modne røde, noen oransje, grønne og gule.
Tomatar frå pilotveksthus ved Den Magiske Fabrikken. Dei er dei einaste av sitt slag i verda. Tomatane er dyrka på biogjødsel og grøn CO2 frå Den Magiske Fabrikken. (Foto: Vesar).

Få støtte til å undersøkje moglegheitene

Forskingsrådet gir støtte til offentlege verksemder som vil undersøkje om ei utfordring kan eigne seg for ei innovativ offentleg anskaffing. Forprosjektet kan mellom anna brukast til behovskartlegging, brukarinvolvering, marknadsdialog og vurdering av kostnader, gevinstar og risiko.

LUP og DFØ tilbyr kompetanse og rettleiing, også før søknaden blir send til Forskingsrådet.

– Ta kontakt med oss. Vi kan tidleg gi råd om utfordringa eignar seg for utviklingssamarbeid med marknaden og om korleis de kan gjennomføre ei innovativ anskaffing.

Kanskje kjenner vi også til løysingar som allereie finst og som bør undersøkjast før de går vidare, seier Hareide.

Dersom forprosjektet viser at det er behov for å utvikle ei ny løysing, kan verksemda gå vidare mot ei førkommersiell anskaffing eller eit innovasjonspartnarskap. Eit forprosjekt med støtte frå Forskingsrådet er obligatorisk for å kunne søkje Forskingsrådet om støtte til eit hovudprosjekt.

– Vi ønskjer å nå offentlege verksemder som sit med problem dei ikkje finn gode løysingar på i dag. De treng ikkje vite kva løysinga er. Forprosjektet gir dykk høve til å undersøkje behovet, snakke med marknaden og finne ut om ei innovativ anskaffing kan vere vegen vidare, seier Thorbjørnsen i Forskingsrådet.

Det er framleis midlar tilgjengeleg til nye forprosjekt, og utlysinga har inga tematisk avgrensing. Siste søknadsfrist er 1. desember 2026.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. oktober 2026, kl. 15.16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.