Spør KI-samtaleroboten vår

Frå nødsamtalar til norsktrening og ut i verda

Forsking på akuttmedisinsk kommunikasjon reddar liv, byggjer kompetanse og skaper ringverknader langt utover det vi trudde var mogleg. Les om simulatoren som no trenar opp operatørar til å redde fleire liv.

kvinne med mørkt hår og headset med mikrofon
Kvart sekund tel i ein nødsamtale og kvaliteten på samtalen kan bety forskjellen mellom liv og død. (Foto: Sklls AS)

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), kjent som medisinsk nødtelefon 113, er ein nøkkel i den akuttmedisinske kjeda i Noreg. Kvart år svarer AMK på over éin million nødsamtalar, eit tal som stadig stig.  

Operatørane som svarer på telefonane er helsepersonell med ei heilt eiga spesialisering som AMK-operatør. Gjennom ein samtale på få minutt må dei vurdere graden av alvor, setje inn rett respons og i nokre tilfelle rettleie innringar i livreddande førstehjelp. Kvart sekund tel og kvaliteten på samtalen kan bety forskjellen mellom liv og død. 

Trass i den avgjerande rolla AMK-operatørane speler, finst det lite forsking på AMK-faget. Det manglar i tillegg ei standardisert og kvalitetssikra utdanning. Opplæringa varierer mellom sentralane, noko som gjer dette til eit felt med stort potensial for betre kvalitet. 

Ein simulator for framtidig AMK-trening 

For å møte dette behovet vart AMK Simulator utvikla. Prosjektet starta i 2020 med støtte frå Forskingsrådet, leidd av RAKOS (Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest) i samarbeid med AMK Stavanger, SAFAR, NKLM og teknologibedrifta Sklls AS.  

Målet er å gi AMK-operatørane høve til hyppig og realistisk trening på same måte som pilotar øver på alvorlege hendingar i flysimulatorar. Simulatoren ringjer opp operatørane som om det var ein ekte nødsamtale. KI-genererte innringjarar kan simulere alt frå hjartestans til vald i heimen. Dei reagerer til og med kjenslemessig som personar i krise.  

Frå prototypar til kunstig intelligens 

Sidan oppstarten i juni 2020 har utviklinga skjedd stegvis: 

  1. Referansegruppe: Fire AMK-sentralar i Helse Vest bidrog med innspel og testing. 
  2. Manusdriven simulator: Vart brukt i kurs i Stavanger og Bergen i 2021. 
  3. Integrasjon: Simulatoren vart kopla til AMKs Integrated Communication and Control System (ICCS), slik at treningssamtalar kan pushast ut som vanlege nødsamtalar, men merka som øving. 
  4. Lydloggar og tale-til-tekst: Frå 2021 har prosjektet hatt tilgang til ekte lydloggar. Dette har gjort det mogleg å vidareutvikle KI, trene opp eigne stemmer og gjere simuleringane meir realistiske. 
  5. Validering: Forskarar skal no undersøkje korleis simulatortrening påverkar prestasjonar og pasienttryggleik. For å få svar på dette, skal  dei gjennomføre framtidige observasjonsstudiar, der dei følgjene deltakarar over tid.  

Frå livredning til integrering og språktrening for flyktningar 

Teknologien har også funne heilt nye bruksområde. I Gjesdal kommune har flyktningar fått bruke simulatoren til å trene på norsk språk. KI-en tilpassar seg nivået til kvar enkelt person og gir trygg øving i alt frå småprat til jobbintervju. No planlegg utviklarane nye verktøy baserte på same teknologi.  

– Det er rett og slett rørande å sjå effekten. Når folk som er nye i Noreg plutseleg tør å snakke, delta og søkje jobb, då veit vi at vi skaper verdi langt utover det vi tenkte då vi starta, seier Trine Bjørnsen som er dagleg leiar (CEO) i Sklls.  

Utbreiing i Noreg og internasjonal vekst 

I dag bruker nærare 70 prosent av Noregs AMK-sentralar simulatoren. Fleire legevakter og beredskapsorganisasjonar har også teke han i bruk.  

Behovet for trening av nødoperatørar er globalt. Rundt 40 prosent av kundane til Sklls er utanfor Noreg i land som USA, Storbritannia, Austerrike og Danmark. Storbritannia er ein særleg viktig vekstmarknad. Her er London Fire Brigade allereie kunde og fem ambulansetenester, inkludert London Ambulance Service, er no i innkjøpsprosess.  

I USA er simulatoren i bruk både hos nødtenester og private aktørar, som Chemtrec, MedAire (International SOS) og Bristol Myers Squibb. I tillegg samarbeider Sklls med NECI 911 og 911 Training Institute for å styrkje opplæringa av amerikanske 911-operatørar.   

– AMK Simulator viser at eit norsk produkt kan setje standarden internasjonalt. For oss i RAKOS er det inspirerande å sjå korleis utviklinga hos oss får merksemd langt utover Noreg. Dette er no med på å styrkje både pasienttryggleik og beredskap i mange land, seier Thomas W. Lindner, leiar i RAKOS.  

en kvinne og en mann med headset foran pc-skjermer øver på nødsamtaler
AMK simulatoren ringer opp operatørene som om det var et ekte nødanrop. Slik får dei god trening i å handtere nødsamtalar (Foto: Sklls AS).

Betre beredskap, styrkt pasienttryggleik og nye moglegheiter 

Støtta til Forskingsrådet har vore avgjerande for å utvikle prosjektet og å etablere samarbeid på tvers av fagmiljø.  

I dag bidreg forskinga til å 

  • forbetre opplæringa av AMK-operatørar og styrke akuttberedskapen 
  • utvikle nye metodar for språkopplæring og integrering 
  • skape internasjonal verdiskaping og eksportmoglegheiter  

Det som starta som eit prosjekt om betre trening for AMK-operatørar, har utvikla seg til løysingar som reddar liv. Prosjektet er med på å styrkje integreringa og set også Noreg på kartet som ein innovasjonsnasjon innanfor KI og simulatortrening.  

– Som teammedlem i RAKOS har eg erfart kor verdifullt samarbeidet mellom fagfolk, teknologar og brukarar er. Simulatoren gir oss eit konkret verktøy som både forbetrar opplæringa av AMK-operatørar og skaper nye moglegheiter for læring og integrering av forbetringsverktøy, fortel Jorunn Vik som er prosjektmedarbeidar i RAKOS.  

Fakta om AMK Simulator

  • AMK Simulator: Eit komplett verktøy for kompetansebygging for medisinsk nødmeldeteneste, basert på simuleringstrening og kunstig intelligens (2020–2025).  
  • Finansiering: Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg, Helse Vest, med fleire. 
  • Partnarar i Noreg: RAKOS, AMK Stavanger, SAFAR, NKLM, Sklls AS, fleire AMK-sentralar. 
  • Internasjonale partnarar/kundar: NECI 911 (USA), 911 Training Institute (USA), London Fire Brigade (UK), Chemtrec (USA), MedAire/International SOS (USA), Bristol Myers Squibb (USA).  
  • Samfunnsnytte: Betre akuttmedisinsk respons, styrkt pasienttryggleik, nye verktøy for integrering og språkopplæring. 
  • Les meir om prosjektet: AMK SIMULATOR: Eit komplett verktøy for kompetansebygging for medisinsk nødmeldeteneste, basert på simuleringstrening og kunstig intelligens (Prosjektbanken).

Meldinger ved utskriftstidspunkt 28. januar 2026, kl. 16.30 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }