Spør KI-samtaleroboten vår

Når skulen møter arbeidslivet: Slik kan fleire unge fullføre

Kva skjer når ungdom får lære gjennom å gjere ekte oppgåver i det ekte arbeidslivet? I Lindesnes kommune har ein offentleg sektor-ph.d. gitt nye svar på ein av dei største utfordringane i skulen: Korleis kan vi førebyggje fråfall og styrke både motivasjon og meistring hos elevane?

ungdommer som sager, to gutter og en jente i bakgrunnen ved en tavlevegg

Gjennom forskingsprosjektet «VIL OG KAN» har forskar og lærar May Helen Austad utvikla og testa nye måtar å organisere arbeidslivsfaget på. Resultatet er konkrete modellar som allereie blir tekne i bruk og som kan påverke framtidas skule langt utover kommunegrensene.

Frå teori til praksis med dokumentert effekt

Utgangspunktet for prosjektet var ei tydeleg utfordring: Mange elevar i Lindesnes stod i fare for å falle utanfor skulen, med svake grunnskulepoeng, høg del spesialundervisning og aukande utanforskap.

Gjennom eit tett samarbeid mellom forskar, lærarar og elevar vart det utvikla ein lokal læreplan for arbeidslivsfaget. Her fekk elevane

  • jobbe med praktiske og reelle oppgåver
  • medverke i eiga læring
  • prøve seg i arbeidslivet éin dag i veka

Forskinga viser at det ikkje er nok å gjere undervisninga meir praktisk. Det avgjerande er korleis læraren legg til rette for meistring og at oppgåvene blir opplevde som meiningsfulle. Når elevane til dømes skreiv jobbsøknader til ekte arbeidsgivarar, gjekk både innsatsen og kvaliteten opp. Skrivinga fekk eit formål og plutseleg vart også teori relevant.

Sentralt i prosjektet står også samspelet mellom forsking og praksis. Gjennom Offentleg sektor-ph.d.-ordninga har kommunen fått tilgang til forskingsbasert kunnskap utvikla tett på eiga verksemd, med konkrete konsekvensar for korleis undervisninga blir organisert.

– Gjennom støtta frå Forskingsrådet og Offentleg sektor-ph.d.-ordninga har eg kunna bidra til forskingsbasert og praksisnær kunnskap med direkte betydning for ein meir praktisk skule, der yrkesblikket til elevane står sentralt, fortel May Helen Austad.

Meir motivasjon og nye moglegheiter for fleire

Kjernen i prosjektet er å styrkje elevane si tru på meistring. Det vil seie trua på at dei kan få til oppgåver og det å lære noko nytt. Dette er ein nøkkelfaktor for gjennomføring i skulen.

Resultata viser at

  • elevar blir meir motiverte når dei ser samanhengen mellom skule og arbeidsliv
  • fleire opplever meistring gjennom praktiske oppgåver
  • elevmedverknad gir meir eigarskap til eiga læring

Dette er særleg viktig for elevar som ikkje finn seg til rette i ein tradisjonell, teoritung skulekvardag, men også for elevar som ønskjer meir variasjon.

Effektane av prosjektet blir ikkje berre merka i forskingsfunn og modellar. Dei opplever elavane i kvardagen sin også. For mange gir ein meir praktisk skulekvardag meir variasjon, auka motivasjon og påfyll av energi i læringa.

– Å vere ute på jobb ein dag i veka freshar opp hjernen, seier ein elev på 10. trinn.

Påverkar praksis og kan endre regelverk

Samfunnsnytta av prosjektet er allereie tydeleg. Forskinga har ført til at Lindesnes kommune er vald ut som éin av forsøkskommunane i landet for meir praksisretta opplæring. Her får elevar no høve til å vere ute i arbeidslivet éin dag i veka utan krav om spesialvedtak.

Dette utfordrar dagens regelverk, der elevar ofte må ha ein diagnose eller særskild vurdering for å få tilgang til alternative læringsarenaer. Forsøket blir evaluert nasjonalt, med mål om å vurdere endringar i regelverket. Dermed kan erfaringane frå Lindesnes bidra til å forme framtidas skulepolitikk.

Ein meir inkluderande skule

På lengre sikt peikar prosjektet mot at vi kan få ein skule som

  • i større grad tilpassar opplæringa til føresetnadene til elevane
  • verdset praktiske og yrkesretta ferdigheiter
  • styrkjer samarbeidet mellom skule og arbeidsliv
  • motverkar sosial ulikskap og utanforskap

Gjennom utvikling av ein meistringsorientert læreplan og ein konkret didaktisk modell gir prosjektet skulane verktøy til å jobbe meir systematisk med motivasjon og læring.

Frå lokal innovasjon til nasjonal betydning

Det som starta som eit lokalt utviklingsprosjekt i 2020, har vorte eit forskingsbasert arbeid med potensial for nasjonal betydning.

illustrasjonsfoto
May Helen Austad (Foto: Universitetet i Agder)

Erfaringane frå prosjektet er også høgst relevante for det nasjonale samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utanfor!», som skal bidra til å identifisere, vidareutvikle og spreie løysingar for betre gjennomføring og deltaking blant barn og unge.

Med støtte frå Forskingsrådet og i samarbeid med Universitetet i Agder, viser prosjektet korleis Offentleg sektor-ph.d.-ordninga kan bidra til innovasjon der det verkeleg trengst, nemleg midt i klasserommet.

– Offentleg sektor-ph.d.-ordninga er eit viktig verkemiddel for å kople forsking tett på reelle utfordringar i kommunane. Når forskinga skjer der problema faktisk oppstår, aukar også sjansane for at kunnskapen blir teken i bruk og skaper varig endring, seier Marta Husa i Forskingsrådet.

For når fleire elevar opplever meistring og motivasjon, aukar også sjansen for at dei fullfører skulen. Og det er ein gevinst, ikkje berre for kvar enkelt, men for heile samfunnet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. april 2026, kl. 13.54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.