Spør KI-samtaleroboten vår

Om å kombinere støtte til eit FoU-prosjekt frå Forskingsrådet og SkatteFUNN

Eit av vilkåra som må vere oppfylte for at vi skal kunne tildele statsstøtte, er at støtta må ha insentiveffekt. Det betyr at den offentlege støtta må føre til aktivitet eller investeringar som elles ikkje ville skjedd, eller som ville skjedd i mindre omfang, eller som ville vorte utførte på ein mindre samfunnsgunstig måte dersom støttemottakar ikkje hadde fått offentleg støtte.

Vi tildeler statsstøtte med heimel i EUs gruppeunntaksforordning. Av artikkel 6 i forordninga går det fram at støtte som hovudregel blir rekna for å ha insentiveffekt viss støttemottakar har sendt inn ein skriftleg søknad om støtte før dei startar arbeidet med prosjektet.

Søknad om støtte frå Forskingsrådet må altså vere sendt inn før arbeidet med prosjektet startar for at det skal vere mogleg å få støtte. Ofte er det også oppgitt ein dato for tidlegaste mogleg prosjektstart i utlysinga, og denne må også overhaldast.

Mange støttemottakarar ønskjer å kombinere støtte frå Forskingsrådet til eit FoU-prosjekt med SkatteFUNN-støtte til det same prosjektet. Det er då viktig å vere merksam på at det ikkje er mogleg å søkje om støtte frå Forskingsrådet som blir gitt med heimel i artikkel 25 viss FoU-prosjektet allereie er i gang som eit SkatteFUNN-prosjekt. Derimot er det mogleg å få SkatteFUNN-støtte til eit allereie starta FoU-prosjekt som har støtte frå Forskingsrådet. Dette kjem av at det er andre krav til insentiveffekten for støtte som blir gitt i form av skattefordelar, slik SkatteFUNN-støtta blir.

Meir informasjon om dette finn du på informasjonssida insentiveffekt og kombinasjon av virkemidler for SkatteFUNN

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. september 2025, kl. 10.14 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. september og tysdag 23. september kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. september kl. 08.00–13.00.