HFSP – Human Frontier Science Programme

Noreg er no igjen medlem i "Human Frontier Science Programme Organization" (HFSPO) og norske forskarar kan søkje på HFSP-utlysingane i vår med oppstart i 2024.

Programmet fremjar internasjonalt samarbeid innan grunnforsking som klargjer dei sofistikerte og komplekse mekanismane til levande organismar.

Prosjekt som blir støtta skal ha som mål å bidra til banebrytande forsking og det blir lagt vekt på tverrfaglege/interdisiplinære tilnærmingar. Prosjektet skal skilje seg frå det pågåande forskingsarbeidet til søkjarane. Sjå lenkjer til HFSPO nettsider og meir info om HFSP-utlysingane, "Research Grant" og "Postdoctoral Fellowships Grants" nedanfor.

Research Grants blir delt ut for tre år, til internasjonale (helst interkontinentale) team på 2 – 4 medlemmer som ikkje har samarbeidet før. Deltaking av forskarar frå andre disiplinar enn dei tradisjonelle livsvitskapane, som t.d. biofysikk, kjemi, ingeniørfag, bioinformatikk, informatikk, , matematikk, nanovitskap, eller fysikk blir tilrådd. Søknadsskjema for denne utlysinga er no opna og søkjarar kan opprette "Letters of intent" fram til 21. mars 2023, med frist for innlevering den 30. mars 2023.

Det finst to typar, Research Grants – Early Career og Research Grants – Program.

  • Research Grants – Early Career er for team av uavhengige forskarar som alle har maksimalt 5 års erfaring som leiar av eiga forskingsgruppe, og maksimalt 10 års erfaring etter doktorgrad.
  • Research Grants – Program er for uavhengige forskarar på alle stadium av karrieren, og forskarar tidleg i karrieren blir oppmoda sterkt til å delta i eit Program team.

Research Grant beløpet avheng av storleiken på forskingsgruppa, opptil $500 000 per år for eit team på fire medlemmer. Hovudsøkjar/prosjektleiar må vere lokalisert i eitt av HFSP-medlemslanda, men dei andre teamdeltakarane kan vere i kva land som helst. Sjå nettsida og guidelines for detaljert informasjon.

Postdoctoral Fellowships - Søknadsskjema vil bli tilgjengeleg frå 15. mars og innleveringsfrist for "Letter of Intent" er 11. mai 2023

Postdoktorstipendet er for tre år og blir løyvd til talentfulle postdoktorar med banebrytande forskingsprosjekt innan livsvitskap. Programmet oppmodar spesielt også postdoktorar med bakgrunn frå andre fagområde enn biologi til å søkje om prosjekt for å løyse grunnleggjande problem innan livsvitskap. Postdoktorstipendet skal knytast til ein vertsinstitusjon, men han kan ikkje liggje i landet der søkjaren har tatt doktorgrad eller arbeidd som postdoktor, og søkjar kan heller ikkje vere statsborgar i vertslandet. Søkjar skal ikkje ha samarbeidd med rettleiar på vertsinstitusjonen tidlegare. HFSPO lyser ut to typar, Long-term Fellowships og Cross-Disciplinary Fellowships.

Fellowships beløpet blir utbetalt til vertsinstitusjonen. Beløpet dekkjer heile eller deler av lønna til postdoktoren, og har i tillegg ein sum til forskingsrelaterte kostnader. Godtgjersla varierer avhengig av vertslandet. For fullstendige oversikt sjå guidelines for 2024, lenkjar over.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. mars 2023, 12.18 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.