Strategi for innovasjon i offentleg sektor

Forskingsrådets har lagt ein ambisiøs strategi for innovasjon i offentleg sektor. For å styrkje innovasjonsevna bør offentlege verksemder kople seg tettare med forskingsmiljøa.

Offentleg sektor utgjer halvparten av nasjonaløkonomien, men får berre ein ørliten del av pengane Forskingsrådet deler ut til innovasjonsprosjekt. Ved å finansiere innovasjon i offentleg sektor gjennom fleire program, vil Forskingsrådet få offentlege verksemder og forskarar til å samarbeide om å utvikle løysingar for ein meir kunnskapsbasert og innovativ offentleg sektor.

Hent strategien her: Strategi for innovasjon i offentlig sektor 2018-2023 (pdf).

Offentleg sektor blir rekna som verksemder innanfor offentleg forvaltning. Det vil seie kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder, dessutan selskap og føretak heileigd av offentlege verksemder, og verksemder som løyser oppgåver på vegner av det offentlege.

Les meir om innovasjonsprosjekt her.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. februar 2023, 13.53 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 8. februar betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 torsdag 2. februar til tysdag 7. februar kl. 08.00–15.45 og onsdag 8. februar kl. 08.00–13.00.