Samarbeid mellom forsking og næringsliv skaper ringverknader for norsk industri

Senter for arktisk petroleumsforsking (ARCEx) er vel i hamn etter åtte års intens forskingsaktivitet. Frå Stavanger i sør til Svalbard i nord har dei bygd eit slagkraftig landslag som har levert mange gode forskingsresultat.

Foto som viser forskere fra ARCEx  på feltekskursjon

Det landsomfattande tverr- og fleirfaglege forskingssenteret starta opp i 2013 under leiing av Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Tromsø.

Forskinga som er utført i nært samarbeid mellom forskings- og industripartnarane omfattar basal arktisk geologi, miljørisikoanalyse, marin økologi, og måle- og leiteteknologi.

Rekonstruksjon av geologisk historie i jakta på petroleumsressursane

Den geologiske forskinga i senteret har i stor grad dreidd seg om å rekonstruere den geologiske historia til Barentshavet dei siste 500 millionar åra. Korleis har polhavet oppstått, korleis har Grønland og Eurasia flytta seg frå kvarandre, og korleis har brutale istider massert, knadd og erodert land- og havområda i nord?

Desse prosessane har skapt gode vilkår for danninga av petroleum frå organisk materiale som ligg i sedimenta.

– Senteret har bidratt med forsking for å finne petroleumsressursar i Barentshavet, noko som har vist seg å vere vanskeleg. Den mest dramatiske forklaringa kan vere at istidene har skrapa bort mykje av toppdekket på havbotnen i dei nordlege farvatna, og at det meste av petroleumsressursane har pipla ut i havet i løpet av nokre millionar år.

– Ei litt mindre dramatisk forklaring kan vere at istidene har knadd havbotnen så hardt at han har vore skråstilt i lengre periodar, og at ressursane har flytta seg så langt unna at ein ikkje leitar på rett stad, seier professor Alfred Hanssen - senterleiar ved ARCEx.

Passiv lytting skånar dyrelivet

For å undersøkje dei geologiske forholda, brukar ein tradisjonelt ei seismisk lydkjelde som blir taua etter eit skip, og hundrevis av undervassmikrofonar som fangar opp ekkoa frå havbotnen. Ulempa er at dei skaper mykje akustisk støy, som kan vere plagsam for livet i havet. Senteret har studert korleis kval og sel reagerer på seismikk, skipstrafikk og annan menneskeskapt akustisk støy, for å utvikle ny og betre teknologi.

– Vi har utvikla og testa ulike avbildingsmetodar som ikkje nyttar aktiv lydkjelde, men passiv lytting. Desse teknikkane forstyrrar ikkje økosystema, og under visse forhold kan vi få betre avbilding enn med aktiv lydkjelde. Metodane er testa på Svalbard, og forskarane har vist at dei same passive lyttemetodane kan gi verdifull informasjon om klimaendringar og kan bli brukt til å overvake endringar i permafrost og isbrear, seier Hanssen.

– Det ligg eit stort potensial i å vidareutvikle og kommersialisere passive målemetodar. Noreg kan ta ei leiande rolle på dette feltet, legg han til.

Redusere risiko

Leiting, utvinning og produksjon av petroleumsressursar inneber risiko. Derfor er systematisk arbeid for risikoreduksjon ei viktig oppgåve for senteret. Risikospesialistane ved senteret har utarbeidd forskingsbaserte protokollar og metodikkar for å redusere faren for å påverke miljøet rundt. Nokon typar risiko aukar jo lenger nord ein kjem, sidan det er kaldare, mørkare, dårlegare vêr, og større avstandar.

– Spesialistane kan bake desse berekningane inn i teoretiske modellar for risikoanalyse og gi konkrete råd om kvar ein bør leggje inn tryggingsbarrierar, forklarer Hanssen.

Redusere skadar frå oljeutslepp

Er uhellet ute, er det viktig å forstå kva tiltak som må setjast inn for å redusere skadane frå eit oljeutslepp. Senteret har hatt fleire forskarteam i aksjon for å berekne verknaden av petroleumsprodukt på fleire arktiske marine nøkkelartar, blant anna polartorsk, sild og reker, og dessutan kva metodar for reingjering som gir minst skadeverknader.

– Det er utført kontrollerte eksperiment i fleire ulike laboratorium med testing av korleis mekanisk reingjering, bruk av dispergeringsmidlar («såpe»), og brenning av oljefilm påverkar marine artar. Det er blant anna påvist at olje er svært giftig for reker, medan asken etter brenning av oljefilm har låg toksisk effekt, seier Hanssen.

Tar heile landet i bruk     

Senteret har fungert som nasjonal koordinator av forskinga, med ni akademiske partnarar, seks industripartnarar og i tillegg godt samarbeid med Oljedirektoratet og OED. Alle ph.d.-studentane ved senteret har medrettleiarar frå industripartnarane. Gjennomføringsgrada for ph.d.-stipendiatane er svært høg.

– Tanken er at det skal vere samspel på tvers av dei ulike forskingsretningane. Her møter du både engasjerte miljøvernarar, petroleumsgeologar og teknologar. Det involverer mange fagfelt og mange institusjonar på tvers av landet. Frå Stavanger i sør til Svalbard i nord har vi bygd eit slagkraftig landslag som har utført relevant forsking i nært samarbeid med kvarandre. Det er eit komplekst senter på mange måtar - vi er eit landslag, seier Hanssen. 

Kjem samfunnet til gode 

Forskinga som er utført ved senteret er massiv og omfattande. Dei fleste resultata er publiserte i svært gode internasjonale tidsskrift og kjem storsamfunnet til gode.

Forskingsresultata aukar sjansane for norske industri- og eksportproduktar. Til dømes kan dei nye måle- og analyseteknikkane som er utvikla, bli brukt til langt meir enn berre petroleum. 

– Forskinga vi har utført gir ringverknader og skaper verdiar av offentleg investerte kroner, seier Hanssen. 

Porteføljeside for petroleum

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 12:57 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.