Rapportering for SkatteFUNN-prosjekt
Alle prosjekt med SkatteFUNN-godkjenning skal sende inn statusrapport eller sluttrapport innan 1. mars. Du finn rapportane på Mitt prosjekt og du vil få ei påminning om dette på e-post og på Mi side.
Rapportene sendast inn av prosjektleiar eller organisasjonsrepresentant
Når rapporteringsskjemaet er lagt ut for prosjektet på Mi side, kan alle som er registrert med en rolle i prosjektet jobbe i rapporten. Merk: Det er berre personar med rolle som høvesvis prosjektleiar eller organisasjonsrepresentant som kan sende inn rapporten.
Ligger du inne kun som oppretter av søknad har du kun tilgang til søknaden og ikke til godkjente prosjektet eller til rapportering.
Les mer om roller i et SkatteFUNN-prosjekt
Årleg statusrapport
Dersom prosjektet går over fleire år, må du levere statusrapport innan 1. mars året etter at prosjektet vart godkjent og kvart år etter dette. I statusrapportane skal de rapportere på framdrift og økonomi.
Rapporten finn du på innlogga område. Personar som er registrerte som prosjektleiar eller organisasjonsrepresentant på prosjektet, mottek ein e-post når rapporteringsskjemaet er lagt ut. De kan også gå inn på Mi side og sjekke. Vi sender også påminning på e-post før statusrapporten skal inn.
Sluttrapport
Alle prosjekt skal sende inn ein sluttrapport når godkjenningsperioden i SkatteFUNN er over, og seinast innan 1. mars året etter siste godkjenningsår. Du finn sluttrapporten på innlogga område og du vil få ei påminning om dette på e-post og inne på Mi side. I sluttrapporten skal du samanfatte kva aktivitetar de har gjennomført, kva mål de har nådd og kva som eventuelt står att i prosjektet. Dersom de har beskrive ferdigstilte arbeidspakkar undervegs i statusrapportane, vil denne informasjonen automatisk leggjast inn i sluttrapporten. I sluttrapporten skal de leggje inn alle oppnådde resultat gjennom prosjektperioden og beskrive måloppnåinga for prosjekt. Hugs også å sende inn sluttrapport dersom prosjektet blir avbrote før godkjenningsperioden er over.
Beskrivingane av prosjektet i sluttrapporten blir ikkje offentleggjort. Dersom beskrivingane inneheld forretningsløyndommar, vil dei vere omfatta av teieplikt ved eventuelle innsynskrav, jf. offentleglovas § 13 og forvaltningslovas § 13.
Rapportering av kostnader
Vi minner om at det er støttegodkjende kostnader knytte til det godkjende prosjektinnhaldet som kan inngå i prosjektrekneskapen, uavhengig av kva de budsjetterte med i søknaden.
Forskingsrådet godkjenner ikkje budsjett eller kostnader for SkatteFUNN-prosjekt. Økonomirapporteringa dykkar til Forskingsrådet bidreg til oppfølginga vår av prosjektgjennomføringa og til statistikk. Det er derfor ikkje krav om revisorattestasjon på tala som blir leverte til oss. Bruk dei tala som er tilgjengelege for dykk på rapporteringstidspunktet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mai 2025, kl. 11.01 CEST