Havforståing

Havforståing handlar om å forstå innverknaden havet har på deg og innverknaden din på havet. Det er eit rammeverk som i dag blir brukt til å auke havforståinga i alle delar av befolkninga. Kollektiv havforståing er ein av føresetnadene for å nå fleire av måla i havforskingstiåret.

illustrasjonsbilde med fisker og fjord
Foto: Havforskningsinstituttet/Shutterstock

Rammeverket vart utvikla av pedagogar og lærarar i USA på byrjinga av 2000-talet. Målet var å auke kunnskapen om hav i skulen. No gjeld det altså for heile befolkninga.

Ein person med god havforståing skal

  • ha grunnleggjande kunnskap om havet
  • kunne fortelje om havet på ein meiningsfull måte
  • kunne ta informerte og ansvarlege avgjerder

Sju prinsipp for god havforståing

Det er utforma sju prinsipp du må kjenne til for å ha god havforståing. Dei sju prinsippa er:

  1. Jorda består av eitt stort hav med mange oppgåver.
  2. Havet og livet i havet formar eigeskapane til jorda.
  3. Havet påverkar vêr og klima.
  4. Havet gjer jorda mogleg å bu på.
  5. Havet bidreg til stor variasjon i artar og økosystem.
  6. Hav og menneske er tett samanvovne.
  7. Havet er i stor grad uutforska.

Rammeverket inkluderer teori om korleis vi skal jobbe for å auke havforståinga, mellom anna at vi skal ta omsyn til folks alder, bakgrunn og kunnskapsnivå. Forsking er sentralt i rammeverket, så forståing for at forsking ikkje byr på enkle forklaringar og løysingar, står også sentralt.

Arbeidet med havforståing i Noreg

Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret har ei eiga arbeidsgruppe som jobbar med havforståing.

Arbeid med havforståing er omtalt i:

Les meir om havforståing:

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. november 2026, kl. 11.46 CET

Vakttelefon til søknadsfrist

Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.

Viktig informasjon

I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.