Podkast: Vil forstå korleis smerte og nyting oppstår i hjernen
Den norske hjerneforskaren Siri Leknes er blant dei fremste ekspertane i verda på korleis smerte og nyting oppstår i hjernen i samspel med resten av kroppen. Fascinasjonen for kva som eigentleg skjer når vi kjenner ubehag eller velbehag, har følgt henne gjennom heile karrieren.
Av Andreas Kjensli Knudsen, artikkelen har også vore publisert på forskning.no

Leknes tok doktorgrad ved University of Oxford, der ho vart rettleidd av professor Irene Tracey, som i dag er universitetsrektor der.
Saman publiserte dei studiar som viser korleis smerte og nyting aktiverer dei same områda i hjernen.
Dette var med på å endre på korleis vi forstår smerte.
Sukkervatn og fine damer
Etter å ha komme heim til Noreg frå Oxford, byrja Leknes å undersøkje korleis hjernen bruker sine eigne opioid, såkalla endogene opioid, for å regulere både smerte, velbehag og påskjønning.
Målet er mellom anna å bidra til betre behandling av kronisk smerte og å redusere risikoen for å bli avhengig av noko.
– I byrjinga sat vi og strauk folk over armen og gav dei sukkervatn og viste bilete av fine damer. Det vi fann ut er at hjernen bruker endorfina til å regulere påskjønning, men kanskje i litt mindre grad enn vi skulle tru, seier forskaren.
Mykje av det vi trur vi veit om smerte og nyting i samfunnet og i legevitskapen er ikkje så veldige godt funderte, utdjupar ho.
Til dømes: – Då eg voks opp fekk vi alltid høyre at «du må aldri prøve heroin, fordi det er så fantastisk at du blir hekta sjølv om du berre prøver det éin gong». Men i det rommet du ser der borte, har vi gitt ein heil del folk oksykodon intravenøst, seier Leknes.
Folk reagerer veldig ulikt
Oksykodon er stoffet som har vore den største pådrivaren til opioidepidemien i USA, Canada og resten av verda.
– Det vi ser på gruppenivå med vanlege folk er at det er mange som ikkje har noko lyst til å prøve dette igjen. Nokon ville rett og slett betalt for å sleppe å få dette stoffet igjen, seier Leknes.
Samtidig var det nokon som rapporterte store positive effektar.
– Ein kirurgpasient sa: «Wow – det kjentest som å få ein klem». Det liknar meir på det folk beskriv når dei blir avhengige. Ein heroinavhengig person fortalde til dømes om si første opioidoppleving at «det kjentest som eg hadde halde pusten heile livet og dette var første gongen eg kunne puste ut».
Men ho fortel at dei fleste ikkje opplever det sånn.
Fleire av studiane Leknes si forskingsgruppa no har fått pengar til, skal undersøkje desse individuelle forskjellane meir nøye. Mellom anna skal dei undersøkje nordmenn med ein genmutasjon som gjer at opioid – både smertestillande og kroppen sine eigne endorfin – ikkje verkar.
Kven blir avhengig og ikkje?
I USA er heile fem prosent av befolkninga avhengige av opioid. I Noreg er det rundt 60 000 pasientar som tek opioid fast, ifølgje Leknes.
Kven som blir avhengig og ikkje, kjem an på eit samansurium av biologiske og sosiale faktorar. Mellom anna flaks.
– Det vi veit veldig godt, er at det lønner seg å vere heldig med ein trygg og fin barndom, gode relasjonar og god økonomi. Eg har nokre kollegaer i England som kallar det motsette for shit life syndrome, som jo høyrest nesten litt ovanfrå og ned ut. Men dei meiner heilt genuint at det folk ofte treng, meir enn stadig fleire piller, er meir støtte i livet sitt og hjelp til å etablere gode vanar, seier Leknes.
I England og Australia har legar byrja med såkalla social prescribing. Her får pasientar besøk av folk på døra som tek initiativ til sosiale aktivitetar som kan få smertepasientar ut av ein fastlåst situasjon.
Til dømes ein løpetur, spele fotball eller noko anna som byr på meistring og glede.
– Så må det jo sjølvsagt vere noko du ønskjer. Elles er det jo heilt sjukt irriterande, seier Leknes.

Å ta mindre smertestillande kan ha positive effektar
Opioid kan verke sløvande og føre til at pasientar blir inneslutta. Dette er fordi medisinen verkar på heile kroppen.
Dermed kan nyttige tiltak for kroniske smertepasientar vere å justere ned dosane på dei smertestillande medisinane. Det kan ha effekt også for andre enn sjølve pasienten.
– Ein av dei tinga som kollegaene mine seier, er at når dei jobbar med å redusere dosene til folk og dei er med på det, så blir dei innimellom kontakta av ektefellen som seier «wow – no føler eg at eg har fått tilbake ektefellen min».
Kristopher Schau lurer på kor like endorfina er opioid. Og kor mykje samsvar det er mellom dei to når Leknes forskar på opioid kontra endorfin?
– Dei bind seg til dei same reseptorane i hjernen og i kroppen, men den store forskjellen er at endorfin – så vidt vi veit – blir sleppte ut i små, lokale nervebanar. Når du derimot får smertestillande, så verkar dei medikamenta på alle reseptorane du har i kroppen og i hjernen, seier forskaren.
Dermed kan pasientar få uønskte biverknader, som å bli forstoppa av opioid, fordi vi også har mykje endorfinreseptorar i tarmen, forklarer Leknes.
Mjuke medisinar verkar
Ein klem frå nokon du er glad i, vil jo utløyse endorfin, påpeikar Schau.
– Kan det då også ha ein litt smertelindrande effekt? Er det så dumt som det? spør han.
– Det så fint som det. At alle dei bra tinga i livet gjer at ting gjer litt mindre vondt, seier Leknes.
– Vi må finne ut kva som gir dei bra tinga?
– Ja, er det ikkje det vi strevar med alle saman?, svarer forskaren.
Nettopp dette står sentralt i forskinga til Leknes: nemleg det at å finne ut kva som utløyser glede og meistring i livet også kan bidra til å redusere smerte og kanskje også behovet for smertestillande medisin.
Kanskje kan samtaleterapi, hypnose, ein klem frå nokon du bryr deg om eller meditasjon vere til stor nytte.
Middagar og fagprat gir forskaren energi
For Leknes sin eigen del er det store, faglege treff der kollegaer snakkar om fag og har det gøy, som byr på mest nyting.
– Eg vart faktisk forskar delvis fordi eg var på ein konferanse som student og på slutten av dagen såg forelesaren på klokka og braut ut «Its now five o’clock. Let's take this wonderful discussion down to the pub!».
Der og då var Leknes selt. Det var forskar ho skulle bli.
Medan det å vere avhengig av noko ofte kan komme av at mange jaktar rushet på ei sterk og god oppleving, er det altså lengta etter eit morosamt, levande og fagleg treff som er noko av det som driv Leknes.
– Er middagar din oksykodon?, spør Schau.
– Eg har faktisk ikkje prøvd oksykodon. Men jaget etter «åh – der var det noko fantastisk», det kan mange kjenne seg igjen i. Eg elskar store jobbmiddagar med vinpakker til og mykje jobbprat – eg elskar jobbprat. Av og til kan eg tenkje at «åh – det har eg skikkeleg lyst på no». Men så blir det jo ein del kjedelege middagar og då, for å få den gode kjensla.
- Affective Brains er leia av nevrovitskapsprofessor Siri Leknes (Leknes Affective Brains lab, eller LABlab) og seniorforskar Marie Eikemo (Eikemo lab) ved Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus.
- Forskarane studerer korleis hjernen og kroppen gir opphav til subjektive opplevingar som glede, tryggleik, stress og smerte, og kvifor slike kjensler av og til kan bli forvrengde eller forsterka.
- Forskarane bruker medikament som påverkar opioidsystemet av hjernen – kroppens eige «morfinapparat» – for å forstå korleis signalstoff formar opplevinga vår av påskjønning og ubehag.
- Dei forskar også på verknaden av smertestillande legemiddel som opioid, og korleis desse påverkar både hjernen og risiko for avhengnad.
- Ein viktig del av arbeidet handlar om å overføre funn frå laboratoriet til verkelege pasientar. Mykje forsking hoppar over forsking på friske menneske og dreg slutningar rett frå mus og rotter, noko forskarane meiner blir i overkant.
- Gruppa håpar forskinga deira kan bidra til betre behandling av både kronisk smerte og rusavhengnad.
- Prosjekta er støtta av EU (ERC Consolidator Grant), UiO Life Science, og Helse sør-aust.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. september 2026, kl. 13.35 CEST
Vakttelefon til søknadsfrist
Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.