Podkast: Levra er kroppens Jesus
Hjartet får all merksemda, men oftast er det levra som tek støyten for alle syndene våre. Ho kan vekse ut igjen som halen på ein salamander og utføre hundrevis oppgåver samtidig. Heilt til ho plutseleg seier stopp. Og gløym det du har høyrt om at «to glas raudvin er sunt».
Av Martin Blekkerud (artikkelen er også publisert på forskning.no)

– Hjartet er jo berre ein avansert biff som berre kan éin einaste ting. Det kan pumpe blod, for å setje det litt på spissen. Men levra? Ho er ein skikkeleg metabolsk arbeidshest, som jobbar og jobbar.
Orda tilhøyrer professor Håvard Midgard, overlege ved Oslo universitetssjukehus og sjølverklært lever-entusiast. Han står på gastromedisinsk avdeling på Ullevål saman med Kristopher Schau, som er programleiar for podkasten Nysgjerrige Norge og som har tatt turen for å finne ut kvifor dette organet har hamna så langt ned på statusstigen.
Midgard held fram ein levermodell. Ei frisk lever skal vere glatt, fin og mjuk som ein sjokoladepudding. Men bak det beskjedne ytret skjuler det seg eit organ så komplekst at ein sist ein gjorde ei teljing, kom fram til over 500 ulike funksjonar.
Perleporten og E18 i magen
For å forstå betydninga av levra, må vi sjå på logistikken. Alt vi et og drikk blir soge opp i tarmen, og derfrå blir det frakta rett inn i det Midgard kallar «perleporten» eller «porten til herligheita», nemleg portvenen.
– Alt blir då frakta med E18 eller E6, avhengig av kor du er i byen, inn i levra. Og så deler den portvenen seg i eit fint nettverk som til slutt blir eit filter.
Her sit levercellene, hepatocyttene, på rekke og rad langs filteret. Dei jobbar konstant med å forvalte næringsstoff, byggje livsviktige protein og detoksifisere giftstoff som alkohol.
– Det er som ein stor produksjonsfabrikk, forklarer Midgard. Men i motsetning til hjartet, som dunkar og gjer mykje av seg, er levra «fordømt sjenert».
Den livsfarlege tausheita
Det er her paradokset oppstår. Evolusjonen har nemleg gjort levra svært tolerant. Midgard kallar henne for «kroppens Jesus».
– Levra skal liksom ta på oss alle syndene våre og reinse opp. Om ho hadde reagert med kraftig betennelse kvar gong ho vart eksponert for avfallsstoff frå tarmen, hadde vi faktisk ikkje overlevd som art.
Men denne toleransen er også ein feilkonstruksjon i moderne tid. Fordi levra ikkje har nervar som sender smertesignal ved sjukdom, kan ein gå med kronisk betennelse i 20 eller 30 år utan å merke noko som helst.
– Levra seier ikkje frå før det nesten er for seint. Vi får ikkje greie på det før levra har vorte ordentleg sjuk, åtvarar overlegen.
Prometheus og salamandereffekten
– Eg har eit spørsmål frå den 15 år gamle meg, seier Schau.
– Eg voks opp med å høyre at levra var heilt sjuk, for ho kunne regenerere seg sjølv, akkurat som ein salamander som mistar halen. Er det sant?
– Ja! svarer Midgard engasjert!
– Det er det einaste organet som greier denne regenerasjonen. Om vi må fjerne høgre leverlapp på grunn av ein svulst, kan vi blokkere blodtilførselen dit og sjå på at den venstre delen veks og kompenserer i løpet av få månader.
Dette er medisinsk fakta i dag, men dei gamle grekarane var inne på det same for over 2000 år sidan. I myten om Prometheus vart han lenka til eit fjell der ei ørn åt levra hans kvar kveld – berre for at ho skulle vekse ut igjen neste morgon.
– Det er eit fantastisk samanfall med moderne medisin. Anten visste dei at levra kunne regenerere, eller så var det berre flaks at dei valde akkurat det organet som den ultimate, evige straffa, seier Midgard.
Beethovens hårlokk og jazzens mørke side
Levra si historie er også skriven i musikkhistoria. Midgard fortel om korleis ein nyleg fann årsaka til Ludwig van Beethovens død. Ved å analysere ein hårlokk komponisten etterlét seg, fann forskarar spor av hepatitt B.
– Han døydde ein leverdød med alle komplikasjonar i læreboka. Han drakk mykje alkohol, men i dag veit vi at det var ein kombinasjon av livsstil og genetikk.
Også jazzhistoria er prega av det Midgard kallar «The Jazz Years Lost». Kjempar som Charlie Parker og John Coltrane døydde altfor tidleg. Sannsynlegvis som følgje av ein kombinasjon av alkohol og udiagnostisert hepatitt C frå ureint sprøyteutstyr.

Ostemaskina og eit kontrollert jordskjelv
Ettersom levra er så taus, må legane bruke teknologiske triks for å avsløre tilstanda hennar. Eit av dei viktigaste verktøya i dag kallast elastografi. Eller «den franske ostemaskina», om du vil.
Teknologien vart opphavleg utvikla av osteindustrien i Frankrike for å sjekke om store ostar var ferdig modne utan å måtte skjere i dei.
– Ein går og bankar på ostar for å finne ut om dei er blaute i midten. No bruker vi det på levra. Vi sender ei vibrasjonsbølgje, eit lite kontrollert jordskjelv, inn i organet.
Farten på desse seismiske bølgjene fortel nøyaktig kor stiv levra er. Jo stivare levra er, jo meir arrvev (fibrose) har ho. Programleiar Schau legg seg sjølv på benken for å sjekke «ostemodninga» i eigen mage.
– 4,3 kilopascal! Det er jo heilt fantastisk. Ei 100 prosent frisk lever, utbryt Midgard etter ti målingar.
Frå «grøftefyll» til feittlever
Sjølv om Schaus lever er i toppform, er Midgard bekymra for samfunnsutviklinga. Han trekkjer fram tre store truslar: virushepatitt, alkohol og den nye folkesjukdommen MASLD – metabolsk leversjukdom. Sistnemnde kjem av overvekt og type 2-diabetes.
– Det moderne mennesket har tilgang på kaloriar kontinuerleg. Levra er ikkje tilpassa dette livet og byrjar å lagre feitt. 30 prosent av befolkninga har i dag auka feittinnhald i levra, forklarer han.
Når det gjeld alkohol, knuser Midgard myten om at «to glas raudvin er sunt».
– Det er ingen organ i kroppen som eigentleg liker alkohol. Risikoen for skrumplever aukar mykje ved inntak av to til tre glas dagleg over mange år, spesielt for kvinner, som toler berre halvparten så mykje som menn.
Håp i sikte
Men det er ikkje berre mørke skyer på himmelen. Midgard leier no ein stor nasjonal studie ved åtte sjukehus for å fange opp leversjukdom tidlegare. Ved å bruke «ostemaskina» på pasientar som er innlagde for heilt andre ting, som eit hoftebrot, håpar dei å motivere til livsstilsendringar før det er for seint.
– Så fort ein endrar livsstil, har levra eit enormt reversibilitetspotensial. Arrvevet kan faktisk gå tilbake til ein heilt frisk og fin lever, seier han.
Etter ein dag med leverprat, må Midgard til slutt innrømme partiskheita si:
– Det er det beste organet!
Schau flirer.
– Du kan prøve å ro deg vekk frå dette, men det går ikkje. Du har skrike det ut.
Fakta: Slik held du levra glad
Kjelde: Professor Håvard Midgard. |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. november 2026, kl. 09.47 CET