Podkast: Frå rullestol til romferje: Første nordmann i verdsrommet
Som tiåring fall ho i koma og hamna i rullestol. Ingen hadde trudd at Jannicke Mikkelsen ein dag skulle bli første nordmann i verdsrommet. Bortsett frå ho sjølv.
Av Martin Blekkerud (artikkelen er også publisert på forskning.no)

– Korleis i alle dagar hamna du i ein posisjon der du no kan ringe og småprate med Buzz Aldrin? undrar programleiar Kristopher Schau i ein spesialepisode av podkasten Nysgjerrige Norge.
Jannicke Mikkelsens historie er ikkje mindre enn spektakulær. Som tiåring hamna ho i ei alvorleg rideulykke som gjorde at ho låg fleire veker i koma.
Legane meinte ho aldri kom til å gå igjen. Samtidig drøymde den unge jenta om å bli astronaut, og ho sende brev til NASA.
– Eg fekk til svar at eg ikkje kunne bli astronaut, fordi eg hadde sete i rullestol, og fordi eg ikkje var amerikanar, fortel 39-åringen.
Under eit skuleprosjekt som tolvåring fekk ho auga opp for 3D.
– NASA sa eg kunne bidra med å jobbe med astronautane. Det vart starten på alt. Eg bestemde meg for at eg skulle bli verdas beste på 3D, seier ho.
Ho reiste seg frå rullestolen
Medan andre jenter på same alder fekk seg kjærastar og byrja å røyke og drikke, hadde Jannicke meir enn nok med å lære å gå igjen. Fem år etter ulykka reiste ho seg frå rullestolen.
– Eg trur drivkrafta mi låg i at eg hadde vorte fråteken hovud og kropp. Og no som eg fekk kroppen tilbake, ville eg sjå kor langt eg kunne pushe meg sjølv fysisk.
Ho starta med ballett og gjekk deretter over til kunstløp.
– Og så vart du ein av Noregs beste på skøyter! seier Schau.
I 2005 vart ho nummer fire i allround-NM på Hamar.
Sir David og Sir Brian
Skøytekarrieren tok slutt, men Jannicke heldt fram med å pushe kroppen.
Ho reiste til polare strøk, utdanna seg til filmfotograf med 3D som spesialfelt og søkte jobb hos legendariske sir David Attenborough som undervassfotograf.
– Du ser ut til å få til det du bestemmer deg for. For byrja du ikkje å jobbe med Brian May frå Queen også? undrar Schau.
– Ja, eg jobba med han som VR-regissør på ein musikkvideo. Og han er jo astrofysikar og introduserte meg for NASA.
– Eg orkar ikkje meir, det er jo berre toppnamn heile vegen! utbryt Schau.
Møtte kinesisk investor med planar om ei romferd
I 2019 var Mikkelsen med på rekordferda One More Orbit, ei jordomflyging over begge pola som sette verdsrekord for raskaste tur rundt planeten.
Tre år seinare møtte ho den kinesiske investoren Chun Wang på Svalbard.
Ho trudde først han spøkte då han fortalde om planane for ei romferd. Ho skulle eigentleg filme prosjektet, men då SpaceX innsåg at det var for krevjande å lære opp ein ny fotograf parallelt med astronauttreninga, fekk ho eit anna spørsmål.
Kunne ho sjølv ta den medisinske testen?
– Det var ikkje berre lett. Eg hadde nemleg vorte skadd på nytt, fortel ho.
Endå ei ulykke øydela alt – nesten
2022 byrja alt anna enn bra. Berre veker etter gravferda til ein nær venn var ho involvert i ei bilulykke, der vennen hennar Jordi vart drepen.
– Bremsene lystra ikkje på bilen, og vi rulla ned ei fjellside. Jordi vart kasta ut av bilen og døyr. Sjølv brekker eg foten og får nokre fleire brot i kroppen. Det blir starten på ein nedovergåande spiral, fortel Mikkelsen.
Ho overlevde, men ulykka fekk alt anna til å rakne. Kroppen var øydelagd, og ho kunne ikkje jobbe som filmfotograf.
– Eg var frilansar på Svalbard, utan inntekt, med gjeld og ein kropp som ikkje fungerte. Eg slutta å lese e-postar, klarte ikkje å betale studielånet, og til slutt stod Statens innkrevjingssentral på døra, seier ho.
Trening vart redninga
Vendepunktet kom då ho møtte Rolf, ein tidlegare spesialsoldat som seinare vart mannen hennar.
– Han såg at åtferda mi ikkje stemde overeins med den eg eigentleg var. Han vart instruktøren min, og vi byrja å trene, både fysisk og mentalt. Eitt mål av gongen, seier Mikkelsen.
Treninga vart redninga. Ho gav struktur, disiplin og ei ny kjensle av kontroll.
– Vi fekk selskapet mitt på beina, og vi vekte til live draumen om å jobbe med astronautane igjen.
Trudde han var ein scam-artist
Det var i denne perioden, medan ho sakte bygde seg opp igjen, at tilfeldigheitene byrja å samle seg. Ho var tilbake i arbeid, i form og i flyt.
– Og det er i den perioden der at SpaceX tek kontakt. På ein måte var eg «back in the game», seier Mikkelsen.
Det som starta som eit tilbod om å lage ein dokumentar på Svalbard, skulle snart bli noko langt større.
Då den kinesisk-maltesiske entreprenøren Chun Wang tok kontakt, trudde ho først det heile var ein spøk.
Ikkje meininga at ho skulle vere med på romferda
– Chun ville eigentleg at eg skulle lage ein dokumentar. Det var ikkje snakk om at eg skulle vere med på romferda, fortel Mikkelsen.
Ho lova å halde planane hemmelege, men byrja å undersøkje kven denne mannen eigentleg var.
– Eg hadde venner som jobba i bemanna romfart, og ingen av dei hadde høyrt om han. Då byrja vi å lure på om han var ein scam-artist, seier ho.
Etter månader med skepsis og samtalar vart det klart at prosjektet faktisk var reelt, og at SpaceX var involvert i planlegginga.
– Vi vart einige om at eg skulle filme ein dokumentar. Men då vi byrja å grave i detaljane, bestemde SpaceX at det vart for komplisert å lære opp ein eigen filmfotograf i tillegg til alt anna astronautane måtte gjennom.
Som Willis og Affleck
I filmen Armageddon, med mellom anna Bruce Willis og Ben Affleck, er heile premissen at det er raskare å trene oljeborarar til å bli astronautar enn å lære astronautar å bore, og vart latterleggjort for nettopp det.
No skjedde faktisk noko liknande i røynda. Dermed kom spørsmålet som endra alt.
– Dei spurde altså om eg kunne ta den medisinske testen sjølv. Eg synest det var heilt sprøtt at dei torde å satse på det, seier ho.
Jannicke gjekk gjennom ein komplett medisinsk sjekk og 14 månader med intens opplæring, med simulator, sentrifuge og overlevingstrening: Og ho vart sertifisert for å fly Crew Dragon i ein krevjande polarbane.
– Den lykkelegaste beskjeden eg nokosinne har fått
– Eg må vere dønn ærleg og seie at eg har ein skadehistorikk som sannsynlegvis kunne diskvalifisert meg. Eg har brot i hovudskallen, nakken og tinningen, og det har påverka synet mitt. Eg har trena for å få det tilbake, fortel ho.
Dei bestemmer seg likevel for å prøve.
– Det var nærast ei heil veke på sjukehus. Alt blir sjekka. Eg pleier å spøkje med at det har vore legar på plassar min kjære Rolf aldri kjem til å besøkje.
Ho vart pressa til det ytste, både fysisk og mentalt. Men testane viste ingen teikn til varige hjerneskadar.
– Eg sat berre og gret inne på kontoret då dei fortalde det. Dei hadde hatt spesialist på epilepsi, og han fann ingenting. Det var den lykkelegaste beskjeden eg nokosinne har fått, seier ho.
Kroppen som laboratorium
For Jannicke handlar ikkje romferd først og fremst om eventyr. Ho beskriv seg sjølv som ein reiskap i eit langt, vitskapleg løp.
– Vi er folkeforskarar. Dei fleste astronautar er folkeforskarar, seier ho i podkasten Nysgjerrige Norge.
Bak den setninga ligg eit system som har vore under utvikling sidan dei første menneska vart sende opp i rommet.
Kvar astronaut som vender tilbake til jorda, bidreg til ei stadig meir detaljert forståing av korleis kroppen tilpassar seg vektløyse, stråling og endra døgnrytmar.
– Du blir eit forskingsobjekt. Alt vi gjer er del av ei lang kjede av eksperiment. Vi er forsøkskaninar i eit system som har gått føre seg i mange tiår, seier Mikkelsen.
Tok det første røntgenbiletet av eit menneske i rommet
Under ferda tok ho og resten av mannskapet mellom anna det første røntgenbiletet av eit menneske i verdsrommet og målte fysiologiske endringar som balanse, glukosenivå og muskelfunksjon.
Dei bidrog også til studiar av korleis kroppen reagerer når han vender tilbake til tyngdekrafta.
Oppdraget inkluderte også miljøforsking. I polar bane kunne farkosten Fram2 observere nordlys og atmosfæriske fenomen frå rommet og samanlikne data med målingar frå bakken på Svalbard.
I samarbeid med Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) deltok Mikkelsen i prosjektet SolarMax som undersøkte korleis ekstreme lysfenomen påverkar satellittkommunikasjon og navigasjonssystem.
– Nordlyset er ikkje eit vêrfenomen, det er eit romvêrfenomen. Det er utanfor atmosfæren vår, seier Mikkelsen.
Vart del av ei forskingshistorie
Då kapselen Fram2 landa i havet utanfor San Francisco 4. april, etter fire døgn i rombane, hadde Jannicke Mikkelsen ikkje berre gjennomført eit romoppdrag.
Ho hadde også vorte ein del av ei forskingshistorie som strekkjer seg over generasjonar.
Ho seier at noko av det sterkaste med opplevinga var å sjå korleis forskinga bind mennesket og planeten saman, frå mikroskopiske prosessar i kroppen til romvêr over jordas polar.
Når ho fortel om tida i rommet, handlar det ikkje om heltemot, men om data, samarbeid og audmjukskap.
– Det er kanskje det som er sjølve poenget, seier ho.
– Alt heng saman.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. september 2026, kl. 09.38 CEST
Vakttelefon til søknadsfrist
Til utlysingane med søknadsfrist 10. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 7.–onsdag 9. september kl. 08.00–15.00, og torsdag 10. september kl. 08.00–13.00.
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet frå fredag 11. september kl. 14.00 til måndag 14. september kl. 08.00 oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å arbeide i systemet. Du kan oppleve noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.