Nytt håp mot depresjon
Pasientane hadde prøvd medisinar, terapi og elektrosjokk. Då tok forskarane fram eit bedøvingsmiddel frå operasjonssalen.
Av Av Martin Blekkerud (artikkelen er også publisert på forskning.no)
I eit medisinrom på eit tilfeldig norsk sjukehus står det eit legemiddel som har vore brukt i over 50 år.
Anestesilegar kjenner det godt. Ambulansepersonell bruker det. Kirurgar bruker det. Veterinærar bruker det.
Men ingen utvikla ketamin for behandling av depresjon.
Podkast: Ketamin og MDMA i terapirommet
I podkasten Nysgjerrige Norge kan du i denne episoden høyre programleiar Kristopher Schau i samtale med forskingsgruppa Psykforsk, ved forskingskoordinator Inger-Tove Jentoft Van de Vooren, psykiater og avdelingssjef Ingmar Clausen og psykiater Tor-Morten Kvam.
Forskarane fekk først eit nei
I fleire tiår har behandlinga av alvorleg depresjon vore bygd rundt dei same verktøya: samtaleterapi, antidepressiva og, i dei mest alvorlege tilfella, elektrokonvulsiv behandling (ECT).
Det er betre kjent som elektrosjokk.
Men kva gjer ein når ingenting verkar?
Det spørsmålet vart utgangspunktet for eit forskingsprosjekt i Østfold. Etter kvart skulle det gjere eit lite fagmiljø i Moss til ein av pionerane innan forsking på hurtigverkande behandlingar mot depresjon i Noreg.
Men historia byrja med eit nei.
Ketamin og MDMA ved depresjonKetamin
MDMA
Målgruppa
|
Prosjektet var politisk betent
I podkasten Nysgjerrige Norge fortel psykiater og avdelingssjef Ingmar Clausen korleis forskingsgruppa PsykForsk opphavleg ønskte å delta i eit internasjonalt forskingsprosjekt.
Det skulle vere på psilocybin, som er verkestoffet i fleinsopp.
Prosjektet handla om depresjon hos alvorleg sjuke kreftpasientar. Fleire europeiske sjukehus skulle delta.
Det fekk ikkje forskarane i Østfold lov til, fortel dei til programleiar Kristopher Schau.
– Vi fekk ikkje delta i dette forskingsprosjektet. Grunnen var mykje motstand hos styresmaktene og fordi det var politisk betent, fortel Clausen.
For mange forskingsmiljø kunne historia ha stoppa der. I staden byrja dei å leite etter noko anna.
Stoffet som allereie stod i skapet
Løysinga fann dei ikkje i eit laboratorium. Ho stod nemleg allereie på sjukehuset. Ketamin har vore brukt som anestesimiddel sidan 1960-talet.
– Alle sjukehus i heile verda har ketamin i skapet som eit medikament i anestesi, bedøving og smertebehandling, seier Clausen.
Internasjonalt hadde forskarar byrja å leggje merke til noko oppsiktsvekkjande.
Pasientar som fekk ketamin av andre årsaker, rapporterte av og til ei rask betring av depressive symptom.
Ifølgje psykiater Tor-Morten Kvam kom den første studien i år 2000. Sidan den gongen har forskingsfeltet vakse raskt.
I dag finst det rundt 50 studiar som undersøkjer ketamin mot depresjon.
Resultata er ikkje eintydige på alle område. Likevel peikar dei i same retning: For enkelte pasientar kan ketamin gi ein rask antidepressiv effekt.
Pasientane ingen andre kunne hjelpe
Forskarane i Østfold valde ikkje dei lettaste pasientane. Tvert imot. Dei retta seg mot menneske som i mange tilfelle hadde vore sjuke i årevis.
Dette var personar som hadde prøvd antidepressiva, gått i terapi eller vore gjennom elektrosjokkbehandling. Likevel var dei framleis alvorleg deprimerte.
– Dei har vore i systemet lenge og prøvd ulike behandlingstiltak med håp om å betre depresjonen sin, seier forskingskoordinator Inger Tove Jentoft van de Vooren.
Forskarane omtaler ofte denne gruppa som behandlingsresistent. Det er eit omgrep Clausen misliker.
– Behandlingsresistent, finst det? Det meiner eg vi må slutte å seie.
For han signaliserer ordet at helsevesenet har gitt opp. Og nettopp desse pasientane var det forskarane ønskte å nå.
Då kollegaene sa nei
Sjølv om ketamin allereie var eit godkjent legemiddel, var ikkje alle overtydde. Forskarane fekk trøbbel med å overtyde kollegaene. Då planane om å bruke ketamin mot depresjon vart presentert internt, møtte dei stor skepsis.
– Vi fekk klarsignal om at dette gjer vi ikkje, fortel Clausen om dei første reaksjonane.
Han beskriv møte med både leiarar og fagmiljø som var usikre på om prosjektet burde gjennomførast. Likevel heldt dei fram arbeidet. Forskarane kjende seg nemleg trygge på sjølve legemiddelet.
Ketamin var ikkje eit nytt stoff. Det var eit kjent anestesimiddel som hadde vore brukt på sjukehus i fleire tiår.
– Du skal ikkje skade, seier Clausen med tilvising til legegjerninga og Hippokrates.
For han handla spørsmålet ikkje først og fremst om stoffet var farleg. Spørsmålet var om dei kunne la vere å undersøkje eit mogleg behandlingsalternativ for menneske som ikkje hadde andre tilbod.
Ei indre reise
For utanforståande kan behandlinga verke overraskande. Pasienten ligg i eit behandlingsrom med augemaske og musikk på øyra. Ein sjukepleiar sit ved sida av. Deretter får pasienten ketamin intravenøst.
Mange beskriv opplevinga som annleis enn vanleg medvit. Nokon opplever bilete, nokon har kjensler som tidlegare har vore utilgjengelege. Og andre opplever sorg, frykt eller innsikt.
– Nokon kan få opplevinga av at dei på ein måte forstår kvifor dei har hatt redde, eller vorte deprimerte eller heldt avstand til andre folk, seier van de Vooren.
Forskarane understrekar at målet ikkje er rus i seg sjølv. Målet er å skape eit rom der pasienten kan møte tankar og kjensler på ein annan måte enn før.
– Vi inviterer til ei indre reise. Den handlar om å vere til stades mest mogleg her og no, seier Kvam.
Sjølve opplevinga varer vanlegvis rundt 40 minutt. Behandlingsforløpet er månadleg i eit halvt år om pasienten har effekt.
Ikkje eit mirakelmiddel
Forskarane er samtidig opptekne av å dempe forventningane. Ketamin gjer nemleg ikkje alle friske. Det verkar ikkje for alle.
– Og effektane over lang tid er litt meir usikre. Vi veit ikkje heilt korleis det går på sikt eller om folk får tilbakefall, seier Kvam.
Det er ein av grunnane til at forskarane no planlegg ein større nasjonal studie. I den skal fleire norske sjukehus delta.
Samtidig har erfaringane vore sterke nok til at ketamin i dag er innført som behandling for enkelte pasientgrupper i Noreg.
Beslutningsforum la mellom anna vekt på at behandlinga ser ut til å vere mindre belastande enn elektrosjokkbehandling.
Kan MDMA bli neste steg?
Parallelt med ketaminprosjektet forskar dei i PsykForsk også på MDMA-assistert terapi. Der er tankegangen litt annleis.
Medan forskarane først og fremst undersøkjer ketamin som eit hurtigverkande antidepressivt middel, er MDMA tett knytt til psykoterapi.
– Det er absolutt ei kombinasjonsbehandling med like stor vekt på psykoterapien som sjølve medisinen, seier Kvam.
MDMA påverkar serotoninsystemet i hjernen og ser ut til å kunne auke kjensla av tryggleik, tillit og sjølvmedkjensle.
Forskarane håpar dette kan gjere det lettare å arbeide med vanskelege erfaringar og fastlåste mønster. Men dei understrekar at forskinga framleis er i ein tidleg fase.
Ingen «quick fix»
Kanskje er det nettopp dette forskarane ønskjer å understreke mest: at verken ketamin eller MDMA er ein snarveg ut av psykisk sjukdom. Pasientane beskriv ikkje ein magisk kur, men snarare ein prosess.
– Dette er ingen «quick fix» og berre ta to–tre kapslar, som så ordnar problemet, seier van de Vooren.
For forskarane i Moss handlar arbeidet derfor om meir enn nye legemiddel. Det handlar om å finne nye moglegheiter for menneske som i mange år har fått høyre at alt allereie er freista.
Etter snart 500 pasientar behandla med ketamin meiner dei at jakta er verd å halde fram.
Og ikkje minst handlar det om å stille eit spørsmål som psykiatrien framleis ikkje har eit endeleg svar på:
Kva gjer vi når dei etablerte behandlingane ikkje er nok?
Referansar
|
Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. august 2026, kl. 10.38 CEST
Altinn innlogging har driftsproblemer
Altinn (ID-porten) fungerer for mange, men det er fortsatt noen som opplever problemer. Dette gjelder deg som trenger å logge inn på Min side (nytt søknadssystem). Se status hos https://status.digdir.no/.