Spør KI-samtaleroboten vår

Forskingskampanjen

Forskingskampanjen har vore eit landsomfattande citizen science-, eller folkeforskingsprosjekt, der elevar frå 6 til 19 år vart inviterte til å hjelpe forskarar i eit forskingsprosjekt. Kampanjen pla finne stad under Forskingsdagane og var eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Miljølære.

Elever fra 6A på Krohnengen skole i Bergen undersøker nærmiljøet sammen med forsknings- og høyere utdannings minister Iselin Nybø og forsker Marte Haave.
I 2019 var mikroplast tema for kampanjen. Elever fra 6A på Krohnengen skole i Bergen startet Jakten på mikroplasten sammen med forsknings- og høyere utdannings minister Iselin Nybø og forsker Marte Haave. (Foto: Marit Møllhausen)

Slik foregjekk forskingskampanjen

  • Alle elevane gjorde dei same undersøkingane.
  • Resultata vart registrerte på nett.
  • Forskarar analyserte dataa og skreiv rapport.

Sjå døme frå tidlegare kampanjer

2021: Sjekk skulen sitt uteområde. Formålet var å få meir kunnskap om kvaliteten på norske skulegardar.

2020: Finn framande artar. Elevane skulle finne, fotografere og registrere framande planter i skulen sitt nærmiljø. Dei samla data for å hjelpe Artsdatabanken og forskarar som jobbar med å kartleggje desse artane.

2019: Jakta på mikroplasten. Kan vi finne mikroplast i skulegarden? Kor mykje finn vi rundt oss og kva er kjeldene? Samarbeid med forskingsinstituttet NORCE. 

2018: Sjekk skulematen. Kva består det norske skulemåltidet av? Samarbeid med Universitetet i Oslo.

2017: Sjekk kunstgrasbanen. Kor stort er problemet med svinn frå kunstgrasbanar? Kor mykje gummiknottar haikar med spelarane vekk frå banen? Samarbeid med NILU, Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet og Sintef.

2016: Lag eit skyatlas. Tusenvis av skyobservasjonar vart lasta opp saman med data om vêrtype og stad, i tillegg til kva vêrmeldingssymbol som passa best. Resultatet vart eit skyatlas alle kan bruke for å lære meir om dei ulike skytypane. Samarbeid med Meteorologisk institutt.

2015: Smak deg fram eit masseeksperiment. Korleis heng matval saman med sansane våre? Samarbeid med Nofima og det danske Masseeksperimentet.

2014: Ta tempen på språket! Ei undersøking av språk, dialektar og slang. Samarbeid med MultiLing senter for fleirspråkligheit ved Universitetet i Oslo.

2013: Dafniejakten: kartlegging av dyreliv i vassdammar. Samarbeid med NINA.

2010: Meitemark. Kartlegging av meitemarkartar i Noreg for å forbetre karta over utbreiing.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juli 2025, kl. 00.53 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.