Spør KI-samtaleroboten vår

Formidlingsprisen

Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast.

Illustrasjon fra Forskningsrådet

Nominér kandidatar til Formidlingsprisen 2026 innan 30. juni.

Til nomineringa

Vedtekter for formidlingsprisen

  • Formålet med Forskingsrådets formidlingspris er å lønne og stimulere til formidling av forsking frå eige fagfelt overfor eit breittpublikum. 
  • Formidlinga må vere av høg kvalitet både i form og innhald. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande. 
  • Prisen kan også tildelast for arbeid knytt til etiske problemstillingar innanfor forsking. 
  • Vi føreset at summen blir nytta til eigenkvalifisering i formidling eller til formidlingstiltak. 
  • Prisen blir normalt gitt til éin mottakar, men ein kan også gi han til fleire som har samarbeidd om eit felles formidlingstiltak. 
  • Prisen blir lyst ut offentleg. Forslag på kandidatar til prisen skal innehalde ei fyldig grunngiving. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur til prisen.
  • Kandidatane blir vurderte av ein intern komité som nominerer dei fem til sju beste kandidatane. Desse blir deretter vurderte av ein jury oppnemnt av Forskingsrådets styre.
  • Prisen er på 500 000 kroner og blir delt ut på et arrangement i regi av Forskingsrådet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. mai 2026, kl. 06.28 CEST

Stor pågang

I forbindelse med søknadsfristen 27. mai og overgangen til nytt søknadssystem, får mange vi nå mange henvendelser. Derfor kan det ta lenger tid enn vanlig før du får svar. Vi svarer deg så raskt vi kan.

Viktig varsel

Til utlysingane med søknadsfrist 27. mai kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 torsdag 21. mai, fredag 22. mai og tysdag 26. mai kl. 08.00–15.00 og onsdag 27. mai kl. 08.00–13.00.